Lokal | 29. aug. 2016

Sjå kor stygg Gassand kraftstasjon er

Bildeserie: Derfor hastar det, om den 102 år gamle stasjonen skal bergast.

Sjå kor stygg Gassand kraftstasjon er
– Her er katastrofen, seier Klyve, og viser holet i taket og alle dei kjenkte bjelkane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. aug. 2016 08:49

Bildeserie:

Gaassand kraftstasjon er 102 år. Sist den var i drift var i 1979. (Foto: KVB)
Gaassand kraftstasjon er 102 år. Sist den var i drift var i 1979. (Foto: KVB)
Sist den blei malt var i slutten av 80-talet, men så blei varmen slått av. (Foto: KVB)
Sist den blei malt var i slutten av 80-talet, men så blei varmen slått av. (Foto: KVB)
Murpussen rasar av veggane. (Foto: KVB)
Murpussen rasar av veggane. (Foto: KVB)
Skadane i taket er synlege frå utsida òg. (Foto: KVB)
Skadane i taket er synlege frå utsida òg. (Foto: KVB)
Stasjonen har falma mykje dei siste 25 åra. (Foto: KVB)
Stasjonen har falma mykje dei siste 25 åra. (Foto: KVB)
– Er stasjonen verdt å ta vare på? undrast sogelaget. (Foto: KVB)
– Er stasjonen verdt å ta vare på? undrast sogelaget. (Foto: KVB)
1 av 6

Os sogelag har engasjert seg for Gaassand kraftstasjon. Laurdag arrangerte dei foredrag på Os folkebibliotek, søndag var det omvising.

Då Osbygda i 1914 fekk elektrisitet kom all straum frå denne kraftstasjonen. Gassand var einaste straumforsyning fram til 1920 og var i drift til 1965. Fram til 1979 var den òg i drift morgonane og ettermiddagane, då straumforbruket er på det høgaste.

Les òg: Sjå kor fin Gaassand kraftstasjon er

– Med hol i taket og fleire knekte bjelkar i er det dessverre fare for at mykje raser ned allereie den komande vinteren, om det kjem snø. Trinn éin blir å sikra taket på enkelt vis no i haust, neste trinn blir å skifta alt det skadde taket. Det håper eg kommunen er innstilt på, seier Oddbjørn Klyve frå Os sogelag.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå foredraget og omvisinga i eigen sak.

Om Gassand kraftstasjon
1911: Os heradstyre vedtok å sjå etter moglege kjelder for vasskraft.
1912: Det blei vedtatt å investera noko som tilsvarte seks kommunebudsjett (som om Os kommune skulle investert nær 6 milliardar i dag) for å bygga kraftstasjonen.
1913: Bygginga starta. Den store turbinen blei frakta inn på islagt vatn. Den 2,5 tonn tunge generatoren blei slept inn på skjener frå Søfteland til Gåssand.
1914: Kraftstasjonen opna og var, med unntak av enkelte bensinaggregat og dampmaskiner den første kjelda til elektrisk straum i Os.
1918: Maskinparken og kapasiteten blei dobla frå 300 til 600 kW.
1920: Linjene frå Helldal kom og Gassand kraftstasjon var ikkje lenger einaste straumforsyning til Os.
1965: Slutt på fast straumproduksjon frå Gaassand. Anlegget blei køyrd om vintrane, morgon og ettermiddag, for å ta toppane. Dette heldt fram til 1979.
2012: Norvald Skåtøy (Ap) prøvde å få Os formannskap til å rusta opp kraftstasjonen til 100-årsjubileet i 2014, men lykkast ikkje.
2016: Os sogelag spør om ikkje Gassand kraftstasjon er verdt å verna og tar initiativ til foredrag og omvising helga 27. og 28. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.