Kultur | 20. des. 2010

Siste jul med butikk

I 2011, etter 20 år med platesjappe i Amfisenteret, legg Tor Owe Rennemo ned.

Siste jul med butikk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. des. 2010 21:09

Musikkverket Playcom, eller Solgulls Platebar, som den heitte då den starta, fornyer ikkje leigekontrakten i AMFI Os når den går ut i februar neste år.

- Vi driv ut februar, men så blir butikken avvikla, seier Tor Owe Rennemo.

- Det er vanskeleg å tena pengar i denne bransjen, og det ser ikkje ut til å bli mindre konkurranse med åra.

- Ikkje plass til faghandel
Rennemo ser ikkje på nedlasting og fildeling som den største utfordringa.

- Det er hos leverandørane det ligg, leverandørar som gjev oss faghandlarar dårlege prisar medan daglegvarebransjen og store elektronikk-kjedar sel dei nyaste cd-ane og filmane til lågare pris enn kva vi kjøper dei inn for.

- Når vi mister toppane, som A-HA, som kom ut i sommar, men som vi ikkje fekk lov til å selja før i oktober, og Kurt Nilsen sin jule-cd, som går for spottpris hos Rema 1000, så blir det lite igjen å leva for for oss som har musikk som einaste varegruppe.

Starta med filial
Solgulls Platebar, som skifta namn til Akers Mic frå 1993 til 1996, tilbake til Solgulls frå 96 til 97, for så å bli Musikkverket i 1997 og til slutt Musikkverket Playcom, starta med at mora til Tor Owe, Solgull, møtte den gong senterleiar på Os, Solveig Oksholm Hunhammer.

- Os og Stord Senter hadde samarbeid, dette var før AMFI-kjeda, og Solveig var på jakt etter ein erstattar etter platebutikken Os RTV. Mor mi dreiv Solgulls Platebar på Stord Senter, og eg var nyutdanna i byggebransjen, som ikkje hadde mange jobbar å by på i starten av 90-talet, så då opna eg filial for Solgull på Os.

Opptur og nedtur med instrument
Tor Owe hugsar 2002, det året han flytta ned frå 2. etasje til 1. etasje, som beste år.

- Omsetnaden var også svært høg i 2008, men det året gjekk vi nokre tusenlappar i minus. Marginane er små i denne bransjen.

Dei siste åra har han supplert utvalet, som frå før består av musikk, rocke-effektar, spelemaskiner og filmar, med gitarar og andre instrument.

- Dette har vore ei viktig varegruppe for oss i det siste. Dessverre gjekk leverandøren vår konkurs for nokre veker sidan, men vi har nokre gitarar igjen å selja på ut levetida til butikken.

Tar ferie
Tor Owe trur ikkje det kjem til å opna ny musikkforretning i senteret, eller andre stadar i Os, etter at han har lagt ned.

- Då blir eg overraska, det er nok ikkje andre som ser i butikk i dette heller, dessverre. Mange kjem nok til å sakna å få tak i ein cd frå 90-talet, 80-talet eller eldre, noko som ikkje er heilt nytt. Det er ikkje så lett å bestilla cd-ar i ein daglegvarebutikk.

- Eg kjem til å sakna både butikken og alle dei gode, faste kundane, mange av dei frå rockemiljøet i Os.

- Kva skal du finna på etter at du har lagt ned?

- Eg har ingen andre planar enn at eg skal prøva å få meg ein god ferie, gjerne meir enn ei veke samanhengande, som er det lengste eg har spandert på meg dei siste 20 åra, ler Tor Owe.

- Men først skal vi få unna resten av julehandelen, og satsa på ei fin avrunding i januar og februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.