Sport | 29. apr. 2019

Sigeren glapp for Os 2

– Ein sur kamp å tapa, seier Fabian Bødtker. – Mykje positivt å sjå, synest Brenne.

Sigeren glapp for Os 2
Fabian Bødtker gjennom, men forsøket på å nå ballen enda i frispark til Trott. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. apr. 2019 21:05

Bildeserie:

Niklas Lunde Fosen sette inn 1-0. Her i 2. omgang. (Foto: KVB)
Niklas Lunde Fosen sette inn 1-0. Her i 2. omgang. (Foto: KVB)
Ludvigsen skåra 3-3-målet. (Foto: KVB)
Ludvigsen skåra 3-3-målet. (Foto: KVB)
Til stor jubel frå denne gjengen. (Foto: KVB)
Til stor jubel frå denne gjengen. (Foto: KVB)
Frispark til Fosen. Skotet gjekk få cetimeter over. (Foto: KVB)
Frispark til Fosen. Skotet gjekk få cetimeter over. (Foto: KVB)
Ny sjanse til Os 2. (Foto: KVB)
Ny sjanse til Os 2. (Foto: KVB)
Også Kasper S. Færøvik hadde litt å strekka seg etter. (Foto: KVB)
Også Kasper S. Færøvik hadde litt å strekka seg etter. (Foto: KVB)
Denne trilla forbi alle, til bakerste stolpe og lett 4-3-skåring. (Foto: KVB)
Denne trilla forbi alle, til bakerste stolpe og lett 4-3-skåring. (Foto: KVB)
Kristoffer Røttingen kom til gode innlegg i sluttminutta. (Foto: KVB)
Kristoffer Røttingen kom til gode innlegg i sluttminutta. (Foto: KVB)
Kvamsdal fekk ikkje godt treff på ballen. (Foto: KVB)
Kvamsdal fekk ikkje godt treff på ballen. (Foto: KVB)
1 av 9

Os 2 har starta serien i ny divisjon (4. div.) med 0-0 mot Frøya og 3-0-tap for Varegg borte. I kveld tok dei imot Trott, som kom på 6. plass i Os A-lag si naboavdeling i fjor, og som har slått Bremnes 2-1 og Solid 4-3 i sine første kampar for sesongen.

Det blei ein kamp med høgt tempo, greit med sjansar til begge lag, men Os 2 endte med null poeng.

Os 2 - Trott 3-4 (2-2)
Målskårarar, Os 2: Niklas Lunde Fosen, Fabian Bødtker og Vegar Solstrand Ludvigsen.

Heimelaget, støtta av store delar av årets russekull, starta bra og gjekk i føringa to gongar.

1-0 blei til 2-1 og 2-2 til pause. Gjestane overtok leiinga på corner, men Os 2 utlikna. Så kom nokre glippar bak, og ballen trilla forbi heile forsvarsrekka til ein Trott-spelar som fekk ein enkel jobb med å sikra full pott.

– Dei to første kampane var på same måte. Vi lykkast med mykje av spelet vårt, men eg synest vi får litt dårleg utteljing, og at vi kunne skapt noko fleire sjansar, seier 2-1-skårar Fabian Bødtker.

Sjølv var han nær skåring på 3-3-leiing, men keeper klarerte og mens Niklas Lunde Fosen sette returen i mål blåste dommaren for angrep på keeper.

To andre frå A-stallen, Kristoffer Røttingen og Steffen Kvamsdal, hadde òg to rundar med fint forarbeid av Røttingen, men med skot frå vanskeleg vinkel for Kvamsdal.

– God utviklingsarena

Trott tok full pott og toppar no tabellen åleine med 9 poeng.

– Det er surt å tapa etter å ha leia to gongar, og etter å ha spelt bra og jobba hardt gjennom heile kampen, synest Bødtker

A-lagstrenar Endre Brenne fekk med seg kampen frå tribunen.

– Eg har sett alle dei tre første kampane. I dag blei det eit surt tap, men eg synest det er mykje positivt å sjå blant spelarane.

– Vi stiller ungt, og dette er ein god utviklingsarena, eit godt stykke opp frå 5. divisjon, der fleire kampar nærmast var avgjort etter ein halvtime. Her møter ungdomane våre gode spelarar, men er modige i spelet og tøffe i stilen. Eg gler meg over måten dei speler på, og ser fleire som bankar på A-lagsdøra, seier Brenne.

Os 2 speler neste kamp på bortebane mot Djerv. Djerv har 4 poeng etter sine tre første kampar.

Tabell og terminliste, 4. div avd. 2

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.