Lokal | 25. juli 2011

Saman i felleskapet

Opp mot 2000 sto saman og heidra dei råka av tragedien på Utøya og i Oslo.

Saman i felleskapet
Andris Hamremandag 25. juli 2011 18:19

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Natt til måndag beslutta Os kommune at dei ville invitere til fakkeltog for å heidre og støtte dei råka av terrorhandlingane på Utøya og i Oslo.

Om lag 250 hadde sagt dei skulle koma via facebookgruppa som blei oppretta, det kom cirka 2000 små og store.

Markeringa i minneparken blei opna og avslutta med musikk av Marius Neset.

- Det har vore tre uverkelege dagar kor vi står i eit bunnlaust tomrom med ei rekkje ubesvarte spørsmål, innleia ordførar Terje Søviknes samlinga i minneparken.

- Så langt vi veit i dag er det ikkje osingar mellom dei drepne eller hardt skadde, men Noreg er eit lite land og alle kjenner nokon som på ein eller anna måte er berørt av udåden - også her i Os.

- Uansett er vi alle berørte som nordmenn.

- Eit angrep på demokratiet, på det politiske systemet, på dei verdiane Noreg er tufta på er eit åtak på oss alle.

- Derfor gjev det eit enormt inntrykk å sjå alle her, saman i fellesskapet, heldt ordføraren fram.

- Vi viser verda at vi ikkje let oss truga av terror og vald, avslutta Søviknes før han gav ordet til Nils-Olav Nøss frå Os Ap.

Prøvde å ringa

Nøss fortalte om korleis han har hatt det dei siste dagane. Nils-Olav har sjølv vore på Utøya sju gongar, siste gong som fylkesleiar i Hordaland AUF.

- Som alle andre benka eg meg framfor TV og PC då meldinga om bomba i regjeringskvartalet kom.

- Så tikka twitter-meldinga frå Kjetil Vevle i Hordaland AUF inn: "Nokon skyt på Utøya, varsle politiet".

- Eg prøvde i halv åtte-tida å ringa Tore Eikeland (leiar i Hordaland AUF, journ.anm). Det ringte og ringte og ringte, men eg fekk ikkje svar.

- Tore hadde ansvaret for leiravisa og hadde vore oppe heile natta for å skrive artiklar. Han fekk likevel med seg Gro Harlem Bruntland si tale og heldt eit glimrande politisk innlegg i debatten etterpå før han gjekk i teltet sitt for å få seg nokre timar søvn. Det var det siste nokon såg til Tore i levande live, fortalte Nøss.

Statsminister Jens Stoltenberg offentleggjorde under minnegudstenesta i Oslo Domkyrkje sundag at Eikeland var ein av dei drepne på Utøya.

Snu hatet

Nøss heldt fram med at det viktigaste no var å ta vare på kvarandre.

- Frihet og demokrati er grunnlaget for vårt samfunn. Vi må snu hatet til kjærleik og omtanke for kvarandre, avslutta Nøss.

Os kyrkje heldt dørene opne etter markeringa i minneparken. Før den blei avslutta heldt prest Geir Sakseide ein appell. Han støtta Nøss i at hatet som mange kanskje følte måtte snuast til det gode.

- Vi må ikkje bli fylt av det same hatet som dreiv gjerningsmannen fram, men bry oss om kvarandre og ta vare på kvarandre, oppmoda Sakseide.

Os kommune har lagt fram ein kondolanseprotokoll i kommunetorget som vil vera tilgjengeleg for alle i dagane framover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.