F.v.: Trine Lindborg, Terje Søviknes og Jakob Enerhaug (arkivfoto). (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Sa nei til regnbogeflagg med heimel i flagglova

Ein interpellasjon frå Ap splitta kommunestyret på tysdag.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Trine Lindborg og Bjørnafjorden Arbeidarparti hadde via ein interpellasjon bede kommunsestyret ta stilling til om Os kommune skulle kjøpa regnbogeflagg.

Målet var at dette flagget skulle heisast under Regnbuedagene i Bergen/Bergen Pride 1. til 8. juni i år, og årleg kvar 10. desember på FNs menneskerettighetsdag.

Les òg: Flott om Os kommune vil stilla seg på linje med andre kommunar.

– Personleg skulle eg sagt ja - men eg kan hamna i fengsel

Etter at Lindborg hadde presentert interpellasjonen var mange av dei folkevalde raske med å teikna seg på talarlista.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) var først ut. Han var tydeleg på at han personleg støtta ideen, men slik han tolkar flagglova, er det å heisa eit anna flagg enn det norske, det samiske eller kommune- og fylkesflagg, å rekna som eit lovbrot.

- Å bryta denne lova vert straffa med bøter eller fengsel inntil tre månadar, kunne Søviknes referera frå flagglova.

Alternativ på bordet

Søviknes innrømte at han hadde jobba mykje med å førebu seg til akkurat denne saka. Han hadde òg med seg eit alternativ til framlegg til kommunestyret;

– Slik eg tolkar lova kan vi heisa ulike typar flagg når kommunale bygg eller kommunal grunn blir brukt i  arrangementen av allmenn interesse, men ikkje når det til dømes skjer eit arrangement i nabokommunen. Det same gjeld for meir frittståande kommunale flaggstenger på torg og liknande.

– Mi vurdering er difor at vi ikkje kan heisa regnbogeflagget under Bergen Pride eller på FNs Menneskerettighetsdag - det ville vore bevisst brot på lova.

– Eg vil likevel rå til at kommunen kjøper inn regnbogeflagg som kan nyttast dersom det kjem arrangement på Osøyro, til dømes lokale Pride-markeringar. Vidare vil eg rå til at kommunestyret ber rådmannen om å fremja ei sak med eit oppdatert og meir detaljert flaggreglement for Bjørnafjorden kommune.

– I dag har vi eit flaggreglement for Os kommune frå 1994 som berre omhandlar det norske flagget, og det er naturleg at det vert utarbeidd eit nytt oppdatert reglement for Bjørnafjorden kommune.

Søviknes avslutta sin kommentar med å leggja fram følgjande forslag til kommunestyret:

«Kommunestyret ber rådmannen, som prosjektrådmann for Bjørnafjorden kommune, om å fremja sak til politisk handsaming med eit oppdatert og meir detaljert flaggreglement for Bjørnafjorden kommune. Sak vert å fremja for det nye kommunestyret i Bjørnafjorden kommune».

– Kva med bibelbeltet på Sørlandet?

Glenn Erik Haugland (V) var neste på talarstolen.

Han kjende seg forvirra.

– Eg veit at nabokommunar til Kristiansand har flagga under dei «skeive sørlandsdagane».

– Faktisk flagga 9 av 13 av nabokommunane til Kristiansand - og det midt i bibelbeltet!?

– Eg personleg vil heisa David-stjerna

Jakob Enerhaug (Krf) starta sin kommentar med å honorera Lindborg og Ap for initiativet, men sa at Krf ville stemma nei.

Dette grunngjeve i tre punkt;

– Det første er flagglova, slik ordførar Søviknes sa i sin kommentar.

– Vidare er saka ikkje utgreidd av administrasjonen. Vi vil ha dette opp som ei ordinær sak om dette skal handsamast av Krf.

– Det tredje punktet som ligg til grunn for eit nei frå oss er, at dersom Os kommune legg opp til ei permanent flagging slik framlegget frå interpellanten legg til rette for, kva då med alle dei andre? Då er vi fleire som ønskjer å ha eit ord med i laget. Det kan ikkje vera slik at vi skal nytta offentlege flaggstenger til symbolmarkeringar.

– Går vi for denne løysinga, så vil eg personleg heisa David-stjerna for å støtta den jødiske befolkninga, som ei markering mot antisemittisme. Eller vi kan jo heisa Stefanus-flagget til støtte for forfølgde kristne rundt omkring i verda. Midtausten vert i dag tømd for kristne, og dette er viktige symbolmarkeringar for Krf.

– FRI har ein radikal kjønnsideologi

På punkt fire om kvifor Krf ikkje ville stemma ja til Ap sin interpellasjon, gjekk Enerhaug til hardt åtak på FRi, organisasjonen som står bak Pride-festivalen.

– Dei er ein liten organsisajon, med litt over 3000 medlemmer. FRI har ein radikal kjønnsideologi som går mykje lenger enn berre å kjempa dei homofile si sak. Deira politikk går mellom anna ut på å bryta ned tradisjonelle normar for ekteskap og familie.

– Etter mi oppfatning står organsisasjonen FRI for eit samlivsanarki, med uante konsekvensar for samfunnet, born og familiar.

– Eg ser at Ap vil at vi skal heisa regnbogeflagget på FNs menneskerettighetsdag  - organisasjonen FRI går bevisst inn for å gjera born farlause, dette går då imot barnevernskonvensjonen, artikkel 7, kor det står at alle barn har rett til å kjenna sitt opphav, si mor og sin far.

– Krf meiner det ikkje ei kommunal oppgåve å symbolisere brot på menneskerettigheitane, og vi vil oppmoda kommunstyret og innbyggjarane i Os å støtta oss i denne saka. Dette må gjerast ordentleg og i ein demokratisk prosess, avslutta Enerhaug.

Nei frå Lekven og Aspenes

Harald Lekven (Sp) stilte seg bak Enerhaug og Søviknes, men sa at intensjonen frå Ap var god;

- Hensikta bak er god, men eg såg ganske kjapt at dette ikkje let seg gjera på lovleg vis.

Espen Aspenes (Frp) stilte seg umiddelbart bak Enerhaug sitt innlegg, og han kunne ikkje sjå poenget med at det skulle flaggast i 8 dagar for ei enkeltsak.

– Vi har, meg kjend, 15 offisielle flaggdagar i Noreg, og om vi skal byrja med å flagga for alle formar for velovervegde interessar, kjem vi til slutt ikkje gjera anna enn å flagga.

– Eg kan til dømes gå med på éin dag, men først må vi greia ut saka vidare, sa Aspenes.

Både Nils Anders Nøttseter (MDG) og Glenn Erik Haugland (V) brukte tida på talarstolen til å minna kommunestyret på alvoret som ligg bak denne saka.

– Eg er djupt ueinig med Enerhaug, og sjølvsagt uening med dei som er eining med han, sa Haugland.

Skuffa, men fatta

Trine Lindborg (Ap) avslutta diskusjonen med å fortelja at ho og Ap var klar over flagglova, men samstundes hadde dei sett til andre kommunar, til dømes på Sørlandet og på Askøy, kor dette hadde blitt innført.

Lindborg lurte vidare på om kommuneadvokaten til Os kommune hadde sett på saka.

Ordførar Søviknes svara umiddelbart at det ikkje var gjort, men det hadde vore konferert internt på juristkompetanse på rådhuset i utarbeidinga av svaret hans.

Til Enerhaug (Krf) hadde Lindborg følgjande kommentar:

– Eg respekter og aksepterer at eg og du, og Ap og Krf, er ueninge i denne saka, og eg reknar med at respekten går begge vegar.

– At Enerhaug meiner at dette må vera ein demokratisk prosess - kva er meir demokratisk enn å fremja ein interpellasjon?

Lindborg avslutta med å oppfordra bygdafolket til å arrangera Pride, idrettslaga til å bruka regnbogeflagg som cornerflagg og eventuelt flagga frå klubbhusa sine, og ho understrekte at ho ville oppretthalda interpellasjonen.

Lindborg og Ap sin interpellasjon vart til slutt sett opp mot Søviknes sitt alternative framlegg.

Søviknes sitt framlegg fekk 22 stemmer (14 Frp, 4 Høgre, 2 Krf, 1 Sp, 1 V) mot Lindborg 13 (7 Ap, 2 MDG, 2 Tvs, 1 Sp, 1 Venstre).

Fleire saker