Russ og foreldre samla seg på Esso for felles rulling i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Russ med buss tok foreldra med på rulling

– Mamma var ikkje overbevist om at buss var ein god idé før i dag.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2011 var OL-vinnar Sverre Lunde Pedersen blant medlemmane på Betty Grable, den første russebussen i Os.

• Les òg: Bussen blei Betty (med bildeserie frå 2011)

I år har 18 ungdomar, dei fleste frå Os Gymnas og Os vgs, men òg nokre frå Slåtthaug og Bergen Maritime, samla seg på bussen «Dreadville».

– Arbeidstittelen var «Daydream». Vi gjekk frå dagdrømming til ein stad å frykta, seier Erik Enes om meininga med namnet og den tilhøyrande dekoren.

Men russetida med buss har vore langt frå frykteleg, sjølv om fleire av foreldra var skeptiske til det å investera i eit så stort køyretøy.

– Det er jo ein risiko å byrja på eit så stort prosjekt, men hos oss har det gått frå fortvilelse til at vi no kan sjå kor kjekt dei har hatt det. Dei fekk bussen ferdig til russetida starta, dei har hatt det veldig kjekt og bussen er framleis like heil to dagar før 17. mai, seier ein av fedrene.

I kveld var alle foreldra inviterte med på «rulling» med bussen.

Set pris på alt arbeidet

– Vi vil visa dei kor fin bussen har blitt og kor bra vi har det på tur. Dei har jo støtta oss, både med pengar og lån av verktøy. Det har vore mykje jobb, og det er litt av årsaka til at vi synest det har vore gøy med buss.

Bussen har gått som russebuss i Bergen tre sesongar etter at den blei henta over fjellet. Men årets eigarar har ribba den heilt og pussa opp veggar, tak og sete.

– Mange av oss var ikkje noko særleg nære venar, men etter å ha jobba saman så lenge har vi blitt gode kameratar. Det er som om russetida har vart lengre enn elles, i tillegg til at det har vore utruleg gøy å ha bussen no i russetida.

– Det er ikkje kven som helst som kan sitja bak rattet på denne, korleis har det vore å skaffa sjåfør?

– Det har gått bra, det har vore mange som har meldt seg til teneste. Men det har vore dyrt.

På kveldens rulling blei det likevel billig, pappa Reiertsen har lappen på kva som helst, så han sette seg bak rattet for å rulla stødig rundt med «hovudsponsorane» kvelden før kvelden.

• Les òg: Kåra beste russebil i Os