Lokal | 20. juli 2011

Rottweiler beit i hel hund

– Eigar bør melda seg, seier Sperrevik, og ber samstundes publikum om tips.

Rottweiler beit i hel hund
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juli 2011 07:53

Tysdag blei de meldt frå om at ein liten hund av rasen papillon hadde blitt beten i hel av ein rottweiler.

Dottera til eigaren av den fire år gamle papillon-en gjekk tur i hesteløypa i Osmarka då dei måndag kveld møtte rottweileren, som gjekk laus.

Hundane byrja å snusa på kvarandre før rottweilern brått beit den vesle papillonen over ryggen og rista den til den døydde.

– Dei to som gjekk tur med rottweileren, ein mann og ei kvinne, skal ha kome bort for å hjelpa til, men då var det for seint, seier fungerande lensmann Terje Sperrevik.

– Dei gjekk frå staden utan at ho som gjekk tur med papillonen fekk namnet og nummeret deia, så vi har jobba med å finna ut kven desse er. Eigar er sjølvsagt velkomen til å kontakta oss, men vi ber og andre som har møtt desse på tur måndag, eller kjenner til hunden eller eigaren, om å ta kontakt med oss, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.