Sport | 28. aug. 2011

Rekordtriathlon på Ulven

Video og bildereportasje: Arrangørane blei tatt på senga då over 250 deltok på Os Triathon sundag.

Rekordtriathlon på Ulven
Andris Hamresøndag 28. aug. 2011 18:15

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Med 30 førehandspåmeldte i barneklassa og forventingar om opp mot 100 i mosjonsklassa blei arrangørane av Os Triathlon teken litt på senga då heile 119 deltakarar stilte til start i var av dei to klassane.

- Eg håpar vi har nok premiar, smilte stemnesjef Trond Pedersen med eit litt usikkert blikk.

SJÅ VIDEO AV BARNELØPET (video: Andris Hamre)

Før ungane og mosjonistane fekk sleppe til i Ulvenvatnet og langs vegen mot Nordstrøno blei det arrangøret Noregscup. Ei litt dårlegare deltaking enn i fjor, med omlag 20 startane.

- Det kan nok skyldast at vi er på sluten av sesongen. NM blei arrangert for 14 dagar siden så då var liksom sesongen over, fortalte ein av arrangørane.

Tredobling frå i fjor

Etter at dei beste i Noreg var ferdige med sitt løp var det klart for ungane.

- Med 119 startane er det ei tredobling frå i fjor, fortalte Pedersen.

- Dette er over all forventning, strålte han.

Kva er grunnen til den store deltakinga?

- Det kan vera at triathlon er i tiden.

- I tillegg har det vore skrevet eindel om triathlon i media den siste tida. Sidan Os triathlon er eit sprintløp trur eg mange tenkjer det kan vera eit fint sted å starta, fortatte stemnelederen.

Triathlon er eit lavterkseltilbod for alle der det blir stilt små krav til utstyr.

- Har ein ei badebukse, eit par joggesko og ein sykkel er det berre å hiva seg med, forklarar Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.