Lokal | 19. okt. 2016

Rekordlågt sjukefråvær

Ikkje på nær fem år har sjukefråværet i Os kommune vore så lågt som no. – Det er fantastisk gledeleg, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.

Rekordlågt sjukefråvær
Rådmann Christian Fredrik Fotland kan gle seg over rekordlågt sjukefråvær i kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. okt. 2016 09:50

Som ein del av 2. tertialrapporteringa til kommunestyret rapporterer rådmannen på sjukefråværet i kommunen. Målet er at dette skal vera under 7% for heile kommunen.

– Sjukefråværet i Os kommune var i perioden 01.04.2016 l 30.06.2016 på 6,4%: 3,2 % er fråvær under 25 dagar og 3,3 % er fråvær over 25 dagar. Sjukefråværet i Os kommune er lågt i høve til landsgjennomsnittet for kommunar. Som det går fram av tabellen, er det naturlege sesongsvingingar i sjukefråværet. Fråværet for 1. og 2. kvartal er lågare enn tilsvarande kvartal dei siste åra, heiter det i rapporten som presenterer desse tabellane:

Sjukefråvær 2. tertial 2016
Samla Kvinner Menn Stab, plan og utvikling 4,1 4,7 3,1 Oppvekst m.m. 5,2 5,6 3,5 Helse m.m. 8,4 9,0 5,0 Teknisk 2,1 2,3 2,0 Samla 6,4 7,1 3,7

Sjukefråvær per kvartal 2009-2016 samla
2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 1. kvartal 8,3 8,0 9,1 9,1 9,3 8,6 8,7 8,2 2. kvartal 6,7 7,3 7,7 7,6 7,8 7,9 7,4 7,4 3. kvartal 6,6 7,8 5,9 7,3 7,0 7,5 7,8
4. kvartal 8,1 8,5 7,7 8,7 8,2 8,1 8,5
Årsbasis 7,6 8,0 7,7 8,7 8,2 8,1 8,2

Dei beste kvartala på fem år

I formannskapet tysdag kommenterte Jon Sivert Rykkel (V) det låge sjukefråværet.

– Det er veldig positivt. Er det eit resultat av systematisk arbeid eller tilfeldigheiter, undra Rykkel.

Rådmann Christian Fredrik Fotland var samd i at det var gode resultat.

– Det er fantastisk gledeleg med sjukefråværet. Dette er dei to beste kvartala når vi samanliknar kvartal for kvartal sidan vi starta målingane i 2009. Vi ligg rett under 7%, så held det seg kan vi huka av at vi er der vi skal vera i høve målsettingane.

– Om det er planlagt eller flaks? Det er nok ikkje berre flaks, men det er tilfeldigheiter også. Det seier vi jo når det er høgt også. Sjukdom, som influensa og liknande kjem i bølgjer og det har vore roleg på sjukdomssida no. Men eg trur òg at det systematiske HMS-arbeidet vi jobbar med, med fokus på ledelse og dei tiltaka vi jobbar med både i personalutval og saman med dei tillitsvalde er i ferd med å gje resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.