Lokal | 02. aug. 2011

Redningsaksjon i natt

Tre jenter blei redda opp frå Vindalsvannet natt til tysdag.

Redningsaksjon i natt
Andris Hamretirsdag 02. aug. 2011 07:41

Omlag 02.30 rykka politi, brannvesen og ambulanse mannsterke ut til Vindalsvannet kor meldinga om at tre jenter hadde problem etter ein svømmetur.

Ei av jentene skal ha blitt redda opp frå vatnet av naboar før hjelpeapperatet kom på plass. Den andre har truleg tatt seg til land på eigen hand før politi og brannvesen kom til staden.

Dei to blei teken hand om av hjelpemannskapa medan brannvesenet søkte med båt og dykkarar etter den tredje jenta. Også luftambulansen skal ha blei tilkalla, men den tredje jenta kom til rette før helikopteret kom til staden.

Aksjonen pågjekk fram til omlag 05.00 tysdag morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.