Lokal | 16. mai 2018

Politiet skaffa ID på passasjer utan billett

Politiet: Varetektsfengsling, kollisjon på Søfteland, fyll og bråk i Kuvågen og meir støy frå mc-køyring på Nore Neset.

Politiet skaffa ID på passasjer utan billett
Politiet rykte i går ut til trafikkuhell ved ei busslomme nær Søfteland barneskule. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. mai 2018 07:59

Tysdag i 9-tida blei politiet tilkalla då ein mann i 30-åra viste seg å ha reist med buss utan billett, og ikkje kunne legitimera seg skikkeleg.

– Når det skal skrivast gebyr må rett namn framskaffast. Nokre gongar er kontrollørane usikre på om dei har fått rett namn, og er vi ledige så hjelper vi til, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Festbråk på dagtid

I 15-tida tysdag, i finvêret som var i går, fekk politiet melding om støy frå ei adresse i Kuvågen.

– Det har vore eit gjentakande problem på denne adressa. Vi rykte ut etter kort tid, men då var det roleg. Vi fekk ein prat med festdeltakarane og fekk ikkje fleire klager.

Skulle vika for buss - fekk bil i hekken

Klokka 19.41 tysdag kveld fekk politiet melding om trafikkuhell på E39 Byvegen på Søfteland.

Ein bil som stoppa frå buss som køyrde inn på vegen frå ei busslomme blei påkøyrd bakfrå av neste bil.

– Ein av dei involverte var lettare skadd og det er oppretta sak. Det blei ikkje tatt beslag i førarkort.

Meir MC-bråk på Nore Neset

Tysdag kveld i 21.15-tida kom det melding om villmannskøyring med moped og motorsykkel på Nore Neset.

Politiet har fått fleire liknande meldingar kvar veke den siste tida, men har ikkje sjølv observert noko som er straffbart.

– Vi kjem til å slå hardt ned på dette om vi får observasjonar å jobba etter, åtvarar politiet.

Hadde besøksforbod, braut seg inn

Ein mann i 40-åra blei i går varetektsfengsla i fire veker for gjentatte brot på besøksforbod.

I løpet av den siste veka har han brote besøksforbodet to gongar, ved siste tilfelle hadde han brote seg inn hos ekssambuaren og sat og venta i bustaden då ho kom heim.

Då politiet kom til staden skal han ha vore både trugande og valdeleg, noko han òg er meldt for. Mannen anka varetekstfengslinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.