Sport | 06. aug. 2016

A poeng med 3. plassen

Lysekloster slo Sola 2-1 laurdag etter sigersmål i det 90. minutt. Med det er dei a poeng med Egersunds på 3. plass.

A poeng med 3. plassen
Arne Hitland og Ørjan Sandal kan smila av tre nye poeng til Lysekloster (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 06. aug. 2016 16:48

Sola har gjort store skifter og hatt ein skikkeleg oppvask etter berre seks poeng på første halvdel av sesongen. Umiddelbart etter slo dei Førde borte. Laurdag var det Lysekloster som tok i mot botnlaget. Og det såg lenge stygt ut for heimelaget.

Sola tok leiinga på straffe etter berre 10 minutt.

– Etter det blei det ein stillingskrig. Blant anna blei det heile tre utvisinger, fortel sportsleg leiar Svein Kollen.

Først fekk Sola ein utvist etter 75 minutt, før både Lysekloster og Sola fekk ein mann utvist etter 90 minutt.

– Sindre Flaa utligna for oss etter 80 minutt, før Denis Ljubovic fastsatte sluttresultatet i det 90. minutt.

– Vi var nok det beste laget i dag, men ikkje i nærleiken av der vi skal og bør vera. I dag fekk vi ikkje det til å gli. Men tre poeng er tre poeng og vi er no a poeng med 3. plassen, avslutter Kollen.

Lysekloster - Sola 2-1 (0-1)

Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Sigve Rørstad, Gojko Ivkovic, Oliver Kirk Larsen, Baste Jonassen, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Sindre Flaa, Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland, Petrit Zhubi.

Innbyttarar med speletid: Christer Olsen, Joshua Pritchard, Denis Lubovic.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.