Søk ved Borgafjellet frå lufta i 17-tida tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 

Person funnen død

Leiteaksjonen som starta måndag er avslutta.

Av: Andris Hamre

Klokka 18.33 tysdag fekk Midtsiden tips om funn av død person. Det var då ikkje stadfesta om dette var mannen som blei meldt sakna måndag, men fleire tipsarar fortalte at leiteaksjonen var avslutta.

Mannen, som er i 50-åra, blei meldt sakna klokka 15.20 måndag då han ikkje kom tilbake etter fjelltur til venta tid.

Eit stort apparat med leitemannskap, hundeekvipasjar og søk frå helikopter blei sett i sving utover ettermiddagen og kvelden, og søket blei trappa opp tysdag morgon etter ei natt med folk ute på lyttepostar.

Sivilforsvaret blei kalla inn og Os kommune sette kommunal kriseleiing.

Politiet stadfestar

Klokka 20.33 stadfestar politiet at det er funne ein død mann i søkeområdet om lag klokka 17.30.

– Den avdøde er identifisert og det var sakna Nils Andre Norheim, 54 år, frå Os som blei funnen.

– Dei nærmaste pårørande er varsla. Det er ikkje mistanke om at dødsfallet skuldast ein kriminell handling, skriv politiet i ei pressemelding.