Osing på barrikadane
André Marton Pedersen frå Lysefjorden går saman med turistforeninga på barrikadane for Øystesevassdraget. No har han laga film.
Bergen og Hordaland Turlag går no saman med ei rekkje andre organisasjoner saman om ei underskriftskampanje for å bevarar Øystesevassdraget. Sentralt i arbeidet står osingen André Marton Pedersen, som er informasjonsleiar i turlaget.
– Øystesevassdraget er det siste unike vassdraget som renn fritt frå fjell til fjord. Slik ønskjer vi at det framleis skal vera. Ni av ti vassdrag i fylket er nemleg bygd ut av kraftindustrien, forklarar Marton Pedersen.
Vil minna folk på kor fint det er
Filmen Marton Pedersen har laga i sommar blir nytta i ei opprop turlaget startar i desse dager.
– Formålet med videoen er å skapa engasjement rundt å bevara vassdraget og å kommunisera ut dei ulike grunnane til å ta vare på det.
– Samstundes håper eg folk ser og blir minna på kor vakker den urørte naturen er. Vi ønsker ikkje at kraftlaga skal få byggje dette ned. Eg håper sjølvsagt filmen vil gjera at flest moglege går inn på heimesida vår og skriv under på oppropet, seier Marton Pedersen til Midtsiden.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.