Lokal | 17. mars 2018

Osfest er død, leve Osfest?

Lesarinnlegg: Os formannskap skal straks handsama søknad om tilskot til Osfest 2018. Eg har lenge vore kritisk til korleis det har blitt delt ut pengar.

Osfest er død, leve Osfest?
Nils-Anders Nøttseter. (Arkvifoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. mars 2018 15:27

Straks er det møte i Os formannskap som skal handsama søknad om tilskot til Osfest 2018. Eg har lenge vore kritisk til korleis administrasjonen og tidlegare ordførar har delt ut mykje pengar utan å setje krav til rapportering eller rekneskap.

Til saman har Osfest-arrangementa fått tildelt 1,35 millionar kroner på fem åra. Eg som politikar med ansvar for å forvalta fellesskapen sine ressursar må vurdera om eg har tillit til at organisasjonen skal få stønad vidare.

Festivalen sa då dei starta opp var at dei skulle bruka tre år på å bygga seg opp, med stønad frå kommunen i dei tre oppstartsåra. Det har gått meir enn tre år. Og i år, som i fjor, søker dei ikkje berre om svært mykje pengar, men også om å få fast plass på kommunebudsjettet med ein halv million i særtilskot årleg.

Faktisk er det heller ikkje den organisasjonen som starta opp som no søkjer om tilskot til Osfest. Osfest AS gjekk konkurs. Eller, det er ikkje heilt sant. Kort tid før dei meldte oppbod skifta selskapet namn til ABC2016 AS. Så om ein slår opp i Brønnøysundregistra finn ein berre ABC2016 AS KONKURSBO, det finst ikkje noko oppslag for Osfest AS KONKURSBO.

No er det Konsert og Festivaldrift AS som søkjer om støtte til å arrangera Osfest 2018. Men det er ikkje Konsert og Festivaldrift AS som eig merkevaren Osfest, det er det Os Live AS som gjer. Os Live AS er eit selskap som vart oppretta september 2016, altså få veker etter Osfest AS gjekk med stort underskot. Os Live AS eig ikkje berre merkevaren Osfest, dei eig også 100 % av aksjane til Konsert og Festivaldrift AS.

Os Live AS har vore aktiv part i aktivitetane i Os. Det var det selskapet som arrangerte nyttårskonserten på Nore Neset det året Osfest gjekk med underskot. Dette vart profilert som eit Osfest-arrangement, men det ser ut til at all økonomisk aktivitet vart gjennomført gjennom Os Live AS. Vi kunne lesa i avisa at det nyttårsarrangementet gjekk i pluss, samstundes som Osfest AS sine kreditorar venta på pengar.

Det var ikkje berre nyttårskonserten Os Live AS tok over.

Tor Egil Hylland var på vitjing i formannskapet for eit år sidan, og då ba eg han om å fortelje om samanhengen mellom Osfest AS og Os Live AS. Han meinte det ville hjelpa på å redusera risikoen til Osfest AS å flytta ansvaret for mat og drikke over i det selskapet. Men det er nett mat og drikke som normalt har minst risiko og størst inntening i slike festivalar, så om dette var med på å redusera risiko for Osfest AS og kreditorane eller å halda inntektar unna, det er vanskeleg å seie. Intensjon kan eg ikkje uttala meg om, og heller ikkje resultat, for årets søknad inneheld ikkje spor av rapport eller rekneskap for fjorårets tilskot.

• Festivalsjefen svarer: – Dette er misvisande

Os Live AS er forøvrig ikkje eit non-profit selskap, og det er heller ikkje eigaren av Os Live AS. Det selskapet er 100 % eigd av Hylland Invest AS, som igjen er 100 % eigd av Tor Egil Hylland.

Dette liknar triksing og miksing med selskaper, der ein opprettar fleire selskap for å kunne fakturera som leverandør og trekkja verdiar opp og ut av selskap. Eg kan ikkje seie sikkert at det er tilfelle her, men eg har i alle fall ikkje den naudsynte tilliten som trengs for å gje bort fellesskapen sine pengar til dette samrøre av selskap. Det er nemleg det ansvaret eg sit med som folkevald.

Osfest (i form av Konsert og Festivaldrift AS) ønskjer seg langsiktig og stabil stønad frå kommunen, også for å utløyse midlar frå Kulturrådet. Søkjarane har rett i at Kulturrådet kan vurdera på kriteriet “Langsiktighet i medfinansiering fra fylke og kommune”. Men i neste kulepunkt i rettleiaren frå Kulturrådet står det “Sunn økonomi og åpenhet med hensyn til selskapsstruktur og økonomiflyt”.

I tillegg er høg kunsterisk kvalitet tungt vekta - det er faktisk hovudkriteriet til kulturrådet i ein kvar samanheng. Ikkje ein einaste plass i Osfest sin søknad står det noko om den kunstnarlege visjonen eller den musikalske profilen til festivalen. Truleg er dette eit større problem for festivalen hjå Kulturrådet enn manglande lokal finansiering over fleire år.

Ein søkjar skal sjølvsagt vera frampå og positiv i ein søknad, men eg er uroa for at ein ikkje tar seriøst det dårlege samarbeidet med næringslivet elles i sentrum. Då eg tok initiativ til at det politiske miljøet skulle møta Osfest og utelivsbranjsen til uformell dialog var tilbakemeldinga at Osfest kun ville møta oss politikarar åleine. Og sånn vart det. Dette møtet vart ikkje referatført, men inntrykket mitt var heilt klårt at politikarane ønskte seg meir samarbeid for å skapa best mogleg og mest mogleg liv på Øyro. Såvidt eg veit har Sentrumsforeninga for 2018 vedteke å ikkje arrangera felles aktivitetar med Osfest, sjølv om dei naturlegvis set pris på all folkeaktivitet i sentrum.

Eg tenkjer å ikkje røysta for å stø det nye selskapet med 200.000 kroner.

Eg vil heller foreslå å overføra 200.000 kroner frå formannskapet sitt disponible fond til ekstra midlar i KUP-potten. Ei sak som skal handsamast i same formannskapsmøte. Der har vi rekordmange søkjarar, og eg trur kommunen vil vera betre tent med å smøra 20 % ekstra stønad breitt ut over kulturlivet i Os. Eg er i alle fall meir stemt på å prøva det i år enn å kaste endå fleire penger inn i ein uoversiktleg labyrint av føretak, som ikkje gjer greie for kva pengane frå kommunen går til.

Nils-Anders Nøttseter
Miljøpartiet Dei Grøne Os
Folkevald i kommunestyre og formannskap

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.