Oselvo opnar om ei veke
Natt til 15. juni startar årets laksefiske i Oselvo. Onsdag og torsdag ser det ut som om fiskarane får regnet dei har venta på.
Årets sesong i Oselvo opnar natt til søndag 15. juni i år, to veker tidlegare enn i fjor.
Søndag 25. mai hadde Os Jakt og Fiskelag medlemsmøte i Ulvehiet med trekning av fiskekort opningsnatta.
– Det var ikkje så voldsomt oppmøte, men eg trur interessa er bra i år, seier leiar for fiskeutvalet, Kjell Atle Mikkelsen.
Fiskekortsalet, som går via MX Sport på Amfisenteret, er i gang. Opningshelga er utselt i dei nedste sonane i elva.
Sesongkort i «Kremretten» er alternativet om du vil fiska neste helg.
– Men vi har framleis nokre få ledige kort til helga etter opningshelga, seier Lars Petter Grønvigh, butikksjef hos MX Sport.
Ventar på regn
Oselvo er ahengig av nedbør for at laksen skal flytta på seg, og etter ein periode med tørt vêr ventar fiskarane no på regn.
No kan det sjå ut som om ein god porsjon nedbør er på veg før opningsnatta.
Storm melder 19 mm nedbør onsdag og 26 mm torsdag, Yr melder 16 mm onsdag og 21 mm torsdag.
Sjå detaljert vêrmelding på storm vs yr.
Prisar og soner
I eigen bildefil øvst ser du kart over sonene og fiskeplassane i Kremretten.
Nytt i år er at sone 0 er slått saman med sone 1.
I sone 0 til 5 kjøper du kort for 8 timar om gangen, frå midnatt til 8, 8 til 16 eller 16 til midnatt.
Prisliste:
Sone 0+1: 200 kroner - 3 stenger (8 timer)
Sone 2: 250 kroner - 2 stenger (8 timer)
Sone 3: 50 kroner - 2 stenger (8 timer)
Sone 4: 150 kroner - 2 stenger (8 timer)
Sone 5: 200 kroner - 3 stenger (8 timer)
Kremretten - sesongkort, 1500 kroner.
Før du kjøper fiskekort må du, hvis du er 18 år eller eldre, løse fisketrygdavgift (240 kroner) til Staten.
Dette kan du gjøre på nett, se miljodirektoratet.no.
Du kan følgja fisket i Oselva på prohd.no og Midtsiden.no.
Sjå også Os Jakt- og Fiskelag sine heimesider.