Rafael Villén og Endre Brenne med kengurufeiring av Brenne si 1-0-skåring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os til topps på tabellen!

Sløste med sjansane og slo Sund 4-1.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os brukte mange sjansar på å skåra i dag, og stillinga var lenge 2-1.

Men skåring på straffe blei gjestane sitt einaste mål på Kuventræ i dag. I 73. minutt byrja dessutan Os å få utteljing igjen.

– Andre omgang blei betydeleg betre enn første. I pausen fekk gutane beskjed om å venda spelet fortare. Når motstandarane legg seg så organisert i forsvar som dette, blir det vanskeleg å få ballen i mål om ikkje det er tempo på ballen, seier den nye trenarduoen Tim Henrik Sperrevik og Frode Steffensen etter kamp.

– Vi er nøgde med arbeidsinnsatsen og sjanseproduksjonen, etterkvart kom også måla.

1-0 kom ved Endre Brenne, som heada inn eit innlegg av Mats Cato Moldskred i 26. minutt.
1-1 kom på straffe. Divaldo Cardoso fekk gult kort etter å ha felt ein Sund-spelar innanfor 16-meteren.
2-1 var ved Christoffer Hafsås, som sto tett på keeper du han fekk ball av Brenne i 41. minutt.
3-1 kom først i 73. minutt. Moldskred skåra, assist av Villén.
4-1 var det Mikkelsen som heada inn i 82. minutt.

Kvamsdal debuterte

Steffen Kvamsdal fekk debuten sin då Os køyrde eit dobbelt Steffen-byte i 84. minutt. Steffen Kvamsdal og Steffen Ljosheim kom inn for Sander Kvittingen og Øystein Takle Eide.

– Å få spela for Os sitt A-lag har lenge vore eit mål for meg. Det var veldig gøy, seier Kvamsdal.

Han fekk eit par involveringar og gjorde fin figur i debuten.

– Kvamsdal har, på lik linje med mange av dei unge spelarane våre, eit godt utviklingspotensiale. Han har vist seg som ein målfarleg spelar, og er ein av få som har eigenskapar til å utvikla seg til ein typisk boks til boks-spelar, seier Sperrevik.

Os - Sund 4-1 (2-1)
Målskårarar, Os: Endre Brenne, Christoffer Hafsås, Mats Cato Moldskred og Marius Mikkelsen.
Os: Anders Fosse Lunde - Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Harry Moore - Rafael Villén (Martin Eidsvik), Marius Mikkelsen - Øystein Takle Eide (Steffen Ljosheim), Frode Storebø (Sander Kvittingen og Steffen Kvamsdal), Christoffer Hafsås (Alexander Tøssebro) og Mats Cato Moldskred.
Gule kort: Marius Mikkelsen og Divaldo Cardoso.
Dagens Os-spelar (middag på Havnechefen): Endre Brenne

Sund starta ganske friskt og fekk to frispark utanfor 16-meteren til Os i løpet av dei fire første minutta.

Men så fekk dei køyrd seg. Os kom frå fleire vinklar, innlegg av Brenne frå høgrekant, raid av Takle Eide på venstre kant og ein Moldskred som tredde Hafsås gjennom på midten. Målet kom ikkje før i 26. minutt, og i 32. minutt var Sund på hogget, blei felt i boks og fekk straffe.

Anders Fossen Lunde strekte seg rett veg, men rakk ikkje raskt nok ut til stolperota. Dermed sto det 1-1.

Hafsås gav Os leiinga igjen før pause, og i andre omgang var både Øystein, Mats Cato og Steffen Ljosheim gjennom åleine med keeper utan nettkjenning.

På topp før Fyllingsdalen 2 har spelt

Os toppar tabellen før Fyllingsdalen 2 har spelt femte runde. Den går mot Austevoll heime i morgon.

Os sine neste kampar går borte mot NHH og heime mot Austevoll (26/4), som Os slo i NM-kvalifiseringa tidlegare i vår.

Terminliste og tabell