Heile gjengen frå Opptur samla på Hansastafetten (privat foto)

Opptur for Opptur

Opptur Motbakkeklubb fekk vandrepokalen til odel og eige etter sin tredje siger i Hansastafetten.

image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Onsdag tok første laget frå Opptur sin tredje siger, og fekk med det vandrepokalen til odel og eige, i den smått legendariske Hansastafetten som blei arrangert for 46. gang.

– Hansastafetten er jo eigentleg ein bedriftsstafett, men den er open også for andre lag, slik som Opptur. Med plass til snaut 50 lag er det rift om plassane og først til mølla som gjeld. Difor fekk vi med fire lag i år, mot fem i fjor, fortel Klas Færøvik.

Raskare enn i fjor

Færøvik fortel at dei satte saman laga litt ut frå kor mykje fart dei ulike har i kroppen.

– Med det får alle springa mot konkurrentar på sitt eige nivå. Det å springa mixed er utruleg kjekt. At vi med førstelaget sprang på 18 minutt og 25 sekund, eit halvt minutt raskare enn i fjor er vi veldig nøgd med.

– Etappene er jo i kortaste laget for nokre av oss, men vi har andre som har godt med fartsressursar i kroppen, så tilsaman blei det veldig bra. Omlag 20 km/t i snittfart må vi vel kunne kalla godkjent.

Hansastafetten er vel seks kilometer lang fordelt på åtte etappar frå 400 til 1300 meter.

40 års aldersforskjell

Opptur stiller som ein av breiddeklubbane i stafetten.

– Det er ein kvalitetsstafett med proft opplegg heile vegen frå innsjekk til premieutdeling og mat og drikke i Hansa sine lokaler etterpå.

– Vi stilte med bredden. Det er jo litt kult at det er førti års forskjell på den eldste og yngste løparen vår. I tillegg har vi ei mor og ein son og ein far og ein son som er med. Dei er ikkje same familie, berre for å presisera det, ler Færøvik.

Desse stilte på dei ulike laga for Opptur:

Vinnerlaget
1. Erik Vaktskjold
2. Maria Steien
3. Andreas Størkson
4. Steven Hatley
5. Andreas Søfteland
6. Christina Bruarøy
7. Klas Færøvik
8. Kjetil Pedersen

3. Plassen
Ole Norstad
Kristin Lunde
Roger Bergstø
Tore Sælen
Vidar Oen
Cecilie Hagen
Stein Kjetil Hefte 
Erik Werner

15. Plassen
Steinar Størkson  
Marianne Davanger
Børge Brekke
Torhild S. Viken
Jan Egil Deinboll
Kari-Ann Vaktskjold
Erik Eide Hansen
Bente Hage

23. Plassen
Kjetil Dybfest
Charlotte H. Johannesen
Halvor Hagland
Patricia V.A. Flataker
Rune Walle
Hilde Monssen
Geir Haarvei
Torbjørn Magnussen