Ein gjeng på sju russ frå tre ulike russebilar åt frukost ved Undino i dag.

Oppgradert frukost for russen

Denne gjengen har plan om minst éin knute til i dag.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det einaste vi har høyrd frå russen i år er musikk. Høg musikk.

Avgangselevane ser ut til å ha oppført seg nokolunde, og i dag tok ein gjeng frå tre russebilar frukosten i rundkøyringa i Os sentrum.

På den alkoholfrie menyen sto blant anna kaffi og heimelaga sandwich med bacon på.

– Eg måtte stå litt tidlegare opp i dag, så vi fekk i oss noko god mat før skulen byrjar.

Brød som sko

Gjengen var på plass litt over klokka 8, frå russebilane K.O.D., NonceBusters og Lazaruss. Nokre av dei med bord og stolar.

– Jentene stakk først, vi skal opp til klokka 9 for å høyra om vi kjem opp i eksamen, fortel gutane, Sebastian, Arild og Andreas.

– Det blir knute i russelua av denne frukosten. Er det fleire knutar i lua frå før?

– Eg veit ikkje, men vi skal ta ein annan seinare, å gå ein skuledag med brød som sko.

Det går mot ein varm innspurt på russetida, med 18 gradar og sol både 15. og 16. mai, og 21 gradar og sol 17. mai.

– Russetida har vore super så langt. Landstreffet i Stavanger var fantastisk, og så har vi kost oss mykje i Sigurdsvikjo.

I ettermiddag er det Midtsiden si årlege kåring av Os' beste russebil. I juryen sit blant anna russepresidenten frå 2010.

Fleire saker