Sport | 23. aug. 2016

Opnar nytt 24Fitclub-senter

Denne Herbalife-gjengen kom i går på plass i nytt lokale i Hamnevegen.

Opnar nytt 24Fitclub-senter
Bak f.v.: Eirik, Nina, Terese, Heidi og Rune. Framme: Birgitte, Kjerstin, Evelyn, Reidun og Gunnhild. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. aug. 2016 10:54

Dei siste åra har Os hatt to 24Fitclub-avdelingar, i Kolskogen og hos Sprek og Blid i Holtbrekka. Det er gjengen frå Holtbrekka som no har fått sitt eige lokale og samtidig utvida staben i nytt samarbeid.

– Vi har hatt nokre gode år hos Sprek og Blid, i eit fint miljø med gode treningsfasilitetar.

– Det vi har sakna litt er plass til både sosialt samver og eigne små kontor til samtalar med medlemmar som ønskjer personleg oppfølging, seier Birgitte Haugland.

Bråstart tysdag og onsdag

Birgitte og coach-kollegaene Kjerstin Jakobsen og Evelyn Solvang får med seg Evelyn sin mann, Eirik Andersen som coach. Med på lasset, ikkje som coach, men til å driva senteret, er òg Birgitte sine foreldre, Herbalife-veteranane Heidi og Rune Haugland.

Reidun Vasby, som starta helsestudioet Cha Zet for 25 år sidan, har med seg coachane Terese Foss, Gunnhild Hansen og Nina Røttingen.

Birgitte og Reidun sine grupper samarbeider og dei to tilbyr fellestrening to dagar kvar, sånn at timeplanen er fylt frå måndag til torsdag. Foredrag og liknande vil dei ta i fellesskap.

Dei ni Herbalife-distributørane overtok nytt lokale i går. Allereie i kveld og onsdag kveld har dei sine første informasjonsmøter i lokalet.

I hus over Interiøren

Måndag morgon fekk fitclub-gjengen nøklane til lokalet i Hamnevegen, i etasjen over Os Fargehandel.

– Her har vi fire treningsrom, tre små og eitt litt større, akkurat passeleg til gruppetrening fordelt på ulike stasjonar.

– I tillegg har vi eit stort kjøkken og tre rom som kan brukast til kontor og til samtalar under oppfølging, for dei som ønskjer det.

Gratis lågterskel inne og ute

Fitclub er eit gratis treningstilbod oppretta av sjølvstendige Herbalife-distributørar i fleire norske og utanlandske byar.

– Nokre lurer på om det er kjøpsplikt, om dei må vera kunde for å delta. Andre spør om det er mykje fokus på veging og måling. Vi kan svara nei på begge delar. Alle er velkomne og berre dei som sjølv ber om oppfølging, rådgjeving og eventuell veging og måling for å måla resultat vil få det, understrekar Birgitte.

24Fitclub i Hamnevegen vil òg flytta noko av aktiviteten ut.

– Fitclub skal vera eit lågterskeltilbod. Treninga er gratis og tilpassa dei som ikkje har trent på mange år.

– Vi vil laga turgrupper for korte og enkle spasergrupper, både langs Strandvegen og på enkle fjellturar. Dei som vil bli litt meir utfordra skal få sine turkameratar, vi er ni coachar no og vil prøva å laga eit opplegg som passar flest mogleg.

Frå null trening til halvmaraton

Gunnhild Hansen, Terese Foss og Nina Røttingen er nye som coach. Mens Gunnhild og Terese var medlemmar hos Cha Zet «i alle år», stilte Nina utan nokon erfaring med mosjon på kosthaldkurs hos Reidun i 2011.

– Eg har faktisk aldri trent noko som helst, seier Nina og ler.

Via rådgjeving om sunnare mat gjekk vegen vidare til trening for Nina, som i 2011 var 48 år. I fjor, som 52-åring, sprang ho halvmaraton både i Stockholm og under Knarvikmila. No har ho òg kursa seg for å bli coach.

I helga var Nina, Terese og Gunnhild, saman med fleire av coachane frå Os, på ein stor FitCamp i Tønsberg. Der var blant anna ein av sjefslegane til Herbalife, dr Dana Ryan, som blant anna er coach for 80 av årets OL-deltakarar. Mens Kygo reiste rett frå konsert i Bergen til avsluttingskonsert i Rio reiste Ryan motsett veg for å gje norske Herbalife-instruktørar fagleg påfyll.

– Det var utruleg lærerikt og inspirerande å høyra på Ryan og dei andre som heldt foredrag under campen, synest dei tre, spente og klare til å opna i nye lokale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.