Nyt hausten
Då finvêret kom fann vi ut at no var det på tide å gå «Strandvegen», stien frå Os hamn til Moldaneset. Bli med på ei bildevandring.
Bildeserie:
La oss slå fast med ein gong; å gå kyst-/strandstien frå Os sentrum til Moldaneset er ein flott tur om du tek deg tid til nokre avstikkarar og å leggje merke til dei små tinga rundt deg.
Betre skilting?
Men, og det er eit lite men. Den kunne med fordel ha vore betre skilta. På Lyngheim og Solstrand er det tydelege og gode skilt, men både på strekninga frå sentrum til Lyngheim og då vi kom opp i Midtbøvegen og til Moldegaard blei vi litt i stuss om vi var på rett veg.
Turlaget har rett nok sett opp nokre små skilt som gav oss ein indikasjon på at vi framleis var på rett veg, men vi tillet oss å foreslå at kommunen går til innkjøp av nokre skilt som dei som står ved Solstrand, og at dei monterer desse i kryss og andre plassar der turgåarane kan velja feil retning.
På den måten gjer ein stien endå meir tilgjengeleg for innflytta osingar og andre på besøk i bygda.
Første gong vi får bekrefta at vi er på rett stad er når vi møter kartet frå Bergen og Omland Friluftsråd ute ved vegen til Smievågen.
Mykje å sjå
Når du går stien vil vi anbefala å ta avstikkarar innimellom. Vi valte å legga turen om Steinnesetfjero og trekka inn lukta av tang og sjø.
Dei gamle skytestillingane på Lyngheim er òg verdt å få med seg, berre du tør å gå forbi «trollet» som vaktar inngangen rett nedom treet «apenes skrekk».
Parken på Moldegaard og nausta i Moldefjæra, og den mosegrodde skogbotnen frå Bjånesvegen ut mot Moldaneset, er også stemningsfulle delar av turen.
Dei mange skulpturane du passerer, og naturens eigne skulpturar, er òg verdt å få med seg. Ta deg tid og la hausten visa seg fram for deg.
Langtidsvarselet lover finvêr fram til helga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.