Ny osing til eliteserien
Elisa Christensen blir lagvenninne med Anna Bjørke Kallestad i Sola.
Elisa Christensen (24) har trådd sine barnehandballsko i Oshallen, før ho gjekk til Fana, kor ho har vore eit fast innslag dei siste åra på det hardtarbeidande 1. divisjonslaget.
No er det klart at talentet frå Os gjer som lillesøster Emilie og blir eliteseriespelar i handball.
– Eg skulle uansett flytta til Stavanger fordi eg har fått meg jobb der. Så tok Sola kontakt, for eg trur at dei hadde hørt nokre rykter, seier Christensen til BA, som først omtalte saken.
I Sola blir Christensen lagvenninne med høgreback Anna Bjørke Kallestad, som i mai meldte overgang til det nyopprykka Grundigliga-laget.
Møter søstra
Elisa Christensen blir den tredje tidlegare Os-spelaren som kjem til å spele eliteserien kommande sesong. I tillegg til Bjørke-Kallestad, speler allereie lillesøster Emilie Christensen i Grundigligaen for Glassverket.
Lillesøster Christensen var sentral på laget som i førre sesong tok sølvplassen bak suveren Larvik, og som i kommande sesong skal ut i Champion League-kvalifisering.
Onsdag 14. oktober møtest dei to søstrene (og faktisk då, alle dei tre osingane) i kamp når Glassverket tek imot Sola til seriekamp i Drammenshallen.