Lokal | 03. aug. 2011

Noregs største opnar på Os

5 veker med 190 arrangement i 20 kommunar; laurdag 13. august har Os for første gong den offisielle opninga av Kystsogevekene.

Noregs største opnar på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. aug. 2011 09:00

Kystsogevekene blir ofte kalla Noregs største kulturarrangement. Det som starta med Håkonaspelet i Gulen i Sogn og i tre kommunar i Hordaland blei i 1997 til Kystsogevekene, der kvar av dei no 20 deltakarkommunane viser eigen kysthistorie, med eller utan sogespel, i ulik mengd og omfang.

Dei siste åra har Os hatt lokal Kystsoge-opning i Søre Øyane i midten av august for så å følgja opp med Oselvarfestival saman Bondens Dag i månadsskiftet august-september, og gjerne ei kulturhistorisk vandring ei helg eller to seinare.

– Sidan vi i år får hovudopninga på Os gjer vi det litt annleis, men det blir framleis aktivitet og arrangement både i Os og i Øyane, seier Åsmund Lien frå Économuseet Oselvarverkstaden.

– Det har vore snakk om opning på Os før, men det eine året var det byggeplass her ved Oselvarnaustet, då Vindu mot Fjorden skulle byggast. Seinare nærma vi oss ferdig Oseana, så då fann vi også ut at vi kunne venta.

– Men no synes vi at vi har mykje fint å visa i Os hamn, seier Åsmund.

Lindebjerg til Os

Kystsogevekene i Hordaland og Gulen går over fem veker og startar med opning på Vindu mot Fjorden-brygga laurdag 13. august.

– Vi har sjølve opninga utandørs klokka 12, men på den delen av brygga der bygningane strekk seg ut og lager tak, i tilfelle nedbør, seier Lien.

Seremonien på brygga blir innleia av velkomsttalar av ordførar og Stiftinga Kystsogevekene før Dag Lindebjerg gjer entré. Lindebjerg har lang fartstid innan kystkulturen på Vestlandet, blant anna som programleiar.

– Det kjem også innslag av Os Durspelsamskipnad, eit utdrag av Havfest og dans ved elevar frå Os kulturskule.

– Gler meg til Havfest

Dagleg leiar i Stiftinga Kystsogevekene, Lena, Kutschera, synes osingane frå år til år har vore flinke å markera Kystsogevekene og eigen kystkultur desse seinsommarvekene.

– Os har vore flinke til å halda Oselvare, som blei Noregs nasjonalbåt for to år sidan, sentral i markeringa. Samstundes har dei tatt med aktivitetar og det meir moderne, frå fiskekonkurranse og kapproing til kunstutstilling og open fiskebåt på Hargun. Dette med open båt er ein idé eg har gjeve vidare til fleire andre kommunar, seier Kutschera.

No er ho spent på å koma til Os og sjå utdrag av Havfest og omvising på Oseana.

– Eg har høyrt mykje fint om Oseana og om folkeoperaen Havfest, som eg dessverre ikkje fekk tid til å sjå i juni. Den gler eg meg veldig til å få eit utdrag av.

Os og Øyane same helg

I tillegg til lokalt publikum er det mange inviterte gjestar til opninga. 70 av dei skal vera påmeldt så langt.

– Etter opninga på brygga skal vi i Oseana på omvising før vi reiser med MS Midthordland til Øyane.

I Øyane er det vernissasje av separatutstillinga Keramiske figurer med keramikar Ingun Dahlin. I tillegg vil reisefølgjet innom Hargun.

– Samstundes blir det Oselvarfestival med defilering og ope hus på Oselvarverkstaden. I Øyane blir det bygdadans om kvelden, medan fiskekonkurransen, open båt på Hargun og aktivitetar og stands ved butikken skjer om søndagen, fortel Lien.

Avsluttar i Vargavågen i september

Bondens Dag står i år ikkje i programmet, men dette skuldast berre kommunikasjonssvikt. Bondens Dag med marknad og kalvesjå i Os sentrum finn stad laurdag 27. august.

– Siste del av kystsogemarkeringa i Os finn stad i Vargavågen på den europeiske Kulturminnedagen 11. september, fortel Åsmund Lien.

Skjulte skattar. Spor i landskapet er tema. Ole Mikael Olsen Ramsøy frå Hordamuseet loser publikum gjennom soga til "Dei fyrste osingane." Det blir også rotur til Vargahola.

HER ER PROGRAMMET FOR KYSTSOGEDAGANE I OS

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.