Kultur | 22. mai 2018

No startar Festspillene i Bergen - og Os

To av dei tre største framsyningane i Os er utseld. Ein av dei går i Solstrand sin fjellhall.

No startar Festspillene i Bergen - og Os
Oseana i går. Våren har kome til Bergen og Os - og Festspillene i Bergen har rekkevidde godt utanfor Bergen sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. mai 2018 08:21

Onsdag klokka 12.30, på Torgallmenningen i Bergen, er H.M. Dronning Sonja til stades under gratis opningsseremoni for dei 66. Festspillene i Bergen.

Festspillene strekk seg langt ut av Bergen sentrum, til Ullensvang, Bekkjarvik, Bømlo - og Os.

Museet Lysøen er vertsskap for fire konsertar, Vedholmen Galleri har utstillinga «The Flood» av Torunn Skjelland, Oseana er vertsskap for éin konsert og éi danseframsyning - og Solstrand Hotel & Bad for neste kapittel av det store verket «Nordvegen: Musikalsk seilas fra saga til samtid.».

• Sjå bildeserie: Solstrand sin «hemmelege» fjellhall

– Eg vil seia at eg er imponert over at festspill-direktør Anders Beyer tok så grundig tak i dette temaet. «Eg høyrer mykje om kulturarva vår, men kva er denne kulturarva», seier han. Nordvegen er spesiell, sa Børrea Schau-Larsen til Midtsiden før Nordvegen i Oseana i fjor.

• Les òg: Set opp båt frå Solstrand til Oseana

Oseana og Solstrand slår seg igjen saman og byr på allsidige taktar under Feststpillene i Bergen sine arrangement i Osbygda i mai og juni. Ein tidlegare forsvarssentral i fjellet blir konsertlokale, og det sør-afrikanske «Isango Ensemble» kjem med sin versjon av Tryllefløyten. Det heile blir avslutta med ein noregspremiere i jazz og flamenco.

Både Tryllefløyten i Oseana og konserten i Solstrand sin fjellhall er utselt.

– Vi er glade for at samarbeidet med Festspillene fortset, då dette bidreg til mangfald og breidde i bygdas kulturopplevingar, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.

– Nordvegen er eit reiselivsprosjekt der fjorårets samarbeid vakte begeistring i heile regionen. At Solstrand i år stiller med eigen konserthall, er ekstra gøy.

I år blir nemleg sjølve Nordvegen-konserten halden i fjellhallen på Solstrand. Ivar Bjørnson (Enslaved) og Einar Selvik (Wardruna) har denne gongen med seg vokalist og komponist Eivør frå Færøyene. Saman lager dei ei melodiøs historiefortelling.

Alle som har kjøpt billett til konserten er også velkomne til «pre-concert talk» på Solstrand med Nanna Løkke frå Telemarksforskning og musikarane sjølv.

«Musikerne utforsker det norrøne verdenssynet» skriver Petter Lønningen i BT, «og ivaretar den musikalske arven etter vikingene: Lyden av Vestlandet». Bergens Tidene kalla prosjektet «En liten genistrek av fortid og nåtid i skjønn forening».

– Det gjekk berre ei veke etter at det svært omfattande programmet til Festspillene i Bergen kom ut før dei hundre billettane til konserten hos oss blei utselt, seier Børrea Schau-Larsen.

– Gjestane kjem frå fleire verdsdelar, billettar er selte til folk frå blant anna Mexico og Australia. Eg trur dei vil få ei spesiell og god oppleving i fjellet vårt.

9. klassingane får nytt bilde av vikingane

Til og med skulane i Os får nyta godt av Nordvegen prosjektet i år. Sidan hovudkonserten denne gongen blir holdt på Solstrand, blir det skulekonsert på Oseana.

- Same konserten som skal vera i fjellhallen på Solstrand, vil bli halden for alle elevar ved 9. trinn i Os i Oseanasalen på føremiddagen sjølve konsertdagen. Dette er eit samarbeid med Os Kulturskule under Friskunst-paraplyen, og vi synes det er både gledeleg og viktig å kunne tilby elevar ei konsertoppleving på slikt internasjonalt nivå, sier Lindeberg.

Schau-Larsen er spesielt begeistra for måten Nordvegen-prosjektet informerer om kulturarva vår.

– Vikingane var nok ivrige til å drikka og røva, då som no, men dei var nok flinke til så mykje meir. Nordmennene langs kysten må ha vore nysgjerrige, kunnskapssøkande og modige. Dei lærde seg å veva segl, å proviantera, å planlegga lange reiser. Dei trudde jorda var flat, men dei reiste ut, dei fann fram og dei fann vegen heim igjen.

Det er også noko av dette som blir tema i samtalane på Solstrand før konserten i fjellhallen, ein samtale Børrea tok initiativ til.

– Det er spennande å sjå for seg korleis livet til den norrøne mannen og kvinna var. Dei som levde i dette barske klimaet, som stakk seg ut ein visjon, lagde ein strategi og skaffa seg kunnskap for å reisa ut. Dei må òg ha vore gode leiarar, flinke til å bygga eit lag og til å motivera reisefølgjet sitt før og under kvart tokt dei var på.

Avsluttar med dansepremiere

Spennvidda er stor programmet til Festspillene, også i Os, frå fiolin- og pianokonsertar på Lysøen til norrøne tonar på Solstrand og flamenco i Oseana.

Årets Festspillene i «avdeling» Os inneheld òg ei spektakulær framsyning med den prisvinnande dansaren og koreografen Selene Munoz. Ho vel å legga si noregspremiere til Oseana i juni.

- Framsyninga «Jazz'n Rythm» er ei ekstra framsyning frå Festpillene, fortel Lindeberg.

– Selene Muñoz trollbatt publikum hos oss under Festspillene for to år sidan – det er difor svært gledeg at ho no vel å koma tilbake.

Jazz’n Rythm blir ein fusjon mellom flamenco, jazz og verdsmusikk, med eit streif av Cuba og New Orleans. Det blir musikalske overraskingar, der artistane vil utfordra kvarandre og arbeida utanfor komfortsona si.

- Det varierte programmet frå Festspillene er eit viktig bidrag til kulturopplevingane i bygda vår. Vi får vist eit kulturelt mangfald som set Os på kartet internasjonalt, og det vonar vi vil ha mange gode ringverknader, seier Lindeberg og Schau-Larsen.

FESTSPILLENE I BERGEN - FRAMSYNINGAR I OS

Fredag 25. mai: Nordvegen. For elevar i 9. trinn, Oseana
Fredag 25. mai: Nordvegen (Solstrand, fjellhallen)
Laurdag 26. mai: Crescendo: Johan Dalene & Gunnar Flagstad (Museet Lysøen)
Søndag 27. mai: Catharina Chen & Jie Zhang (Museet Lysøen)
Torsdag 31. mai: Tryllefløyten – Impempe Yomlingo (Oseana)
Laurdag 2. juni: Jazz og flamenco. Selene Muñoz. (Oseana)
Laurdag 2. juli: Ragnhild Hemsing & Tor Espen Aspaas (Museet Lysøen)
Søndag 3. juni: Eldbjørg Hemsing & Anna Fedorova (Museet Lysøen)
Søndag 10. juni: The Flood v/Torunn Skjelland. (Vedholmen Galleri)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.