Kultur | 13. apr. 2014

Nær éin million til lokalidretten

Speling hos Idrettsbingo Os resulterte i nesten éin million kroner i støtte til idrettslag i Os. I år ser det ut til å auka.

Nær éin million til lokalidretten
Idrettsbingo Os genererer årleg rundt ein million kroner i støtte til idrettslag i Os. (Arkvifoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. apr. 2014 07:12

Fleire idrettslag i Os mottar spelemidlar frå Idrettsbingo Os i Stegen i Os sentrum.

I fjor mottok dei til saman 967.000 kroner frå bingoen.

– I år har vi gått frå utbetaling kvart halvår til ein gong i kvartalet. For første kvartal i år betalar vi ut til saman 283.000 kroner, så det ser ut til å vera ei viss auke, seier Asbjørn Totland frå idrettsbingoen.

Nedgang i Os

Sjølv om bingoen for enkelte idrettslag er ein nesten like stor støttespelar som Grasrotandelen frå Norsk Tipping, har det vore betre tider før.

I 2011 fekk idrettslaga nesten 1,2 millionar kroner i støtte.

– Det ser ut som om innføringa av handheving av parkeringsreglane i Os sentrum førte til nedgang hos oss.

– Andre stadar, som Askøy og Nesttun, opplever kraftig vekst. På Os har det vore nedgang, i fjor var det akkurat «break even».

Held ope heile påsken

– Men no ser det ut som om vi får litt vekst i år, det synest vi er kjekt.

Han fortel at dei i år, for første gong, held ope kvar dag heile påsken.

– Eg har også fått tak i nokre små, men hyggelege overraskingar som vi legg i påskeegg til dei første som kjem innom for å spela på påskeaftan, fortel Asbjørn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.