Kultur | 18. mai 2018

Munter jazz for full foajé

Lang tradisjon i Mobergsvikjo: 42 år gamle Osøren Jazzensemble er stadig like populære på tampen av nasjonaldagen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mai 2018 11:44

Det er over 30 år sidan Osøren Jazzensemble, som i 2016 feira 40 år som band, var del av 17. maiprogrammet for første gong.

Det starta utanfor kafeen i Mobergsvikjo. Denne har hatt år utan drift, og blei riven før Oseana skulle byggast. Det har vore år utan jazzmusikk som avslutting på feiringa av nasjonaldagen, og det har vore alternative scenar.

I 2006 spelte bandet på Opus (utestad/kafé på Oshjørnet), i 2010 var det comeback om bord på MS Midthordland, som låg til kai 17. mai.

• Les òg: Velkome comeback (med bildeserie frå 2010)

I går var det fint nok vêr til å spela ute, men på førehand rigga til innandørs i foajeen i Oseana.

I videoruta over er ein kort stemningsrapport og intervju med ein av dei som har vore med sidan start; Geir Mildestveit.

Osøren Jazzensemble 2018:
Marita Moe Sandven: Vokal
Terje Neset: Banjo
Geir Mildestveit: Klarinett
Geirmund Sandven: Trombone
Are Ovesen: Trompet
Ole Amund Gjersvik: Kontrabass
Frank Jakobsen: Trommer

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.