Motorsykkel meldt stolen

Ein KTM 690 er sakna frå ein låst garasje i Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag klokka 19.45 fekk politiet melding om tjuveri av ein motorsykkel.

– Motorsykkelen er ein KTM 690 smcr, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Tjuveriet skjedde frå ei adresse i Os nord.

Politiet var på staden og fekk skildra sykkel og utstyr. Motorsykkelen skal ha vore låst, det same skal garasjen ha vore.

Sjekka moped på Hatvik

Tidlegare på dagen, klokka 10.30, fekk ferjemannskap mistanke om tjuveri etter at ein person sette frå seg ein moped nær kaien.

Politiet sjekka mopeden og snakka med eigar. Alt viste seg å vera ok.

Fleire saker