Lokal | 17. nov. 2017

Mørke veglys?

Kommunen har tatt grep for å få lys på fylkeskommunale vegar.

Mørke veglys?
Kvar feil som blir meldt inn i kartet blir vist med ein raud prikk. Her er dei feila som er meldt inn rundt Os sentrum per i dag.
Andris Hamrefredag 17. nov. 2017 08:13

Saman med Statens vegvesen har kommunen tatt grep om ei av dei mørke vegstrekningane i kommunen når dei no har fått til ei midlertidig belysning langs Hegglandsdalsvegen ved Lyssand.

Men det er ikkje den einaste plassen det er mørkt eller lysa ikkje fungerer som dei skal.

For at kommunen og BKK som må retta eventuelle manglande lys lettare skal få oversikt over kor det manglar lys i lyktestolpane har ein no utvikla eit kart som innbyggjarane kan gå inn på for å melda frå om feil.

Finn kartet her

Der kan ein ved få tastetrykk registrera feil ved å zooma seg inn i kartet og finna igjen stolpen som er mørk. Klikka på menyen for å registrera veglysfeil og merka av i kartet kor feilen ligg.

Ein seg òg om feilen er meldt inn tidlegare og kva status på rettearbeidet er.

Har kjøpt armatur for fylket

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, fortalde på budsjettkonferansen for politikarane at veglys er noko ein har høg fokus på.

– Vi bruker veldig mykje pengar på lys. Det er trass alt mykje mørkt i mange månader av året, og vi vil at ungane skal kunne ferdas trygt til og frå skulen og fritidsaktiviteter.

– Derfor har vi brukt, og framleis vil vi bruka mykje penger på dette. Eit problem er at det ofte er på fylkeskommunale vegar at lys manglar. Difor har vi kjøpt inn armatur til fylkesvegene fordi fylkeskommunen sjølv ikkje klarer å følgje opp.

– Det er ikkje berre å skifta lyspære lenger, ein må skifta heile armaturet om lyset som ryk er av den gamle sorten. Desse reservearmatura har vi liggande på lager oppe i Kolskogen, fortalde Tjosås som òg kom med ei oppfordring til innbyggjarar med hekker ut mot veg.

– Klypp dei også på utsida mot vegen, slik at det blir lettere for bilistar å oppdage ungar på veg til skulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.