Meldt for trugslar og vald etter brot på besøksforbod

Mannen skal ha vore fredeleg heilt til politiet dukka opp.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag midt på dagen blei ein mann i 40-åra tatt for brot på besøksforbod.

– Han oppsøkte sin tidlegare sambuar, noko han ikkje har lov til. Vedkomande er ikkje mistenkt for å ha vore valdeleg mot kvinna, men er meldt for trugslar og vald mot politiet og blei køyrd til arresten i Bergen, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Søndag i 21-tida blei ei kvinne meldt for brot på besøksforbod. Også ho er i 40-åra. Den saka blir truleg løyst med bot.

Tatt med promille

Søndag formiddag blei ein bilist stoppa på E39 Byvegen ved Hjellemarka.

Bilførar blåste til 0,8 i promille og blei tatt med for blodprøve, mistenkt for promillekøyring.

Høg musikk i gjestehamna

Natt til søndag fekk politiet melding om høg musikk frå båt i gjestehamna.

– Båten låg ved Os Sjøfront og Oseana. Patruljen rykte ut i 4-tida, men då var festen i ferd med å bli avslutta.

Hjort påkøyrd og drepen

Søndag morgon blei ein hjort påkøyrd.

– Dette var på E39 mellom UnoX og Hetleflåten, nær Ulvenskiftet. Hjorten døydde i samanstøyten, men ingen personar blei skadd.