Lokal | 20. mai 2019

Meldt etter fyll i båt

17. maifeiringa i Os blei lang og livleg.

Meldt etter fyll i båt
Politiet fekk fleire ærend til ein båt som låg i Os hamn 17. mai. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. mai 2019 07:46

Utover kvelden fredag 17. mai var det fleire som heldt fram feiringa av grunnlovsdagen i finvêret.

– Vi fekk ein del meldingar om støy frå festar ulike stadar i bygda, og frå Os hamn, fortel politiførstebetjent Thomas Juulseth.

Allereie i 21-tida kom det klage på støy frå ein båt i Os hamn. Det var ikkje høg musikk om bord då patruljen var innom, men det blei fleire ærend til denne båten utover kvelden.

– Det gjekk ein del folk mellom båten og sentrumskjerna. Det skal ikkje ha vore lokale folk, men tilreisande gjestar. I 1-tida viste vi vekk ein mann i 20-åra. Han hadde blitt nekta å koma inn på minst éin av utestadane i sentrum, og ville truleg halda fram festen om bord.

Mannen, som er i 20-åra, nekta å retta seg etter pålegg om å fjerna seg, og blir meldt.

Vinglete køyring

I løpet av 18. og 19. mai fekk politiet fleire meldingar om vinglete køyring.

Éin av dei aktuelle bilane kom seg med ei ferje, og distriktet i sør fekk tips om å stoppa han, ein annan blei kontrollert i Industrivegen. Vedkomande bilførar var edru.

Søndag kveld fekk politiet melding om «tullekøyring», høg fart og blinking med lys. Patruljen fann ikkje denne bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.