Lokal | 13. mai 2018

Melder skyfri himmel 17. mai

... men du treng ikkje vera redd for at det skal bli for varmt i bunaden.

Melder skyfri himmel 17. mai
Hovudprosesjonen i Os i 2017, også då i stråøande sol. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. mai 2018 07:23

Då vêrmeldinga viste sol og over 20 gradar i Os, var Yr og Storm ueinige om 17. mai.

Her er 17. maiprogrammet for Os og krinsane

Storm har no snudd frå regn til sol og begge melder no skyfri himmel!

Men temperaturen, som er venta å koma opp i 23 gradar tysdag, skal ned i 12-13 gradar på nasjonaldagen.

Finvêret vi har no i helga skal halda fram, og temperaturen skal auka frå 19 gradar søndag til 21 måndag og 23 tysdag.

Lågare temperatur, men fin pinse

Til onsdag skal temperaturen halverast til 10-11 gradar. Det skal skya litt til, og Storm melder nokre dropar regn på formiddagen.

Men så skal alle skyene vekk til 17. mai, og i pinsehelga er det også venta sol.

• Bildeserie: Korleis har vêret vore på 17. mai dei siste åra?

Då skal temperaturen opp i 16-17 gradar.

• Sjå vêrmelding frå Yr og Storm på Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.