Lokal | 15. aug. 2016

Måtte hjelpa turister vidare

Turister involvert i trafikkuhell ved Lepsøykrysset trengde hjelp til å komma vidare.

Måtte hjelpa turister vidare
Turister involvert i eit trafikkuhell i Lepsøykrysset trengde hjelp for å komma seg vidare laurdag (ill.foto: KML)
Andris Hamremandag 15. aug. 2016 08:52

Laurdag i 16-tida var det eit mindre trafikkuhell i Lepsøykrysset.

– Det er snakk om ei påkøyring bakfrå, kor ingen blei skadd, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Den eine bilen som var involvert i uhellet var utenlandsk.

– Patruljen på staden måtte hjelpa dei utenlandske turistane vidare i systemet slik at dei kunne halde fram med Noregsferien. Det er ikkje berre berre når bilen ikkje lenger er køyrbar og ein er i eit framad land, konkluderer politibetjenten.

Kun 2 forelegg

I løpet av helga har patruljen hatt fleire trafikkontrollar.

– Omlag 100 bilar har blitt kontrollerte i løpet av helga. Det var inga promille på nokon av førerane. Patruljen skreiv ut to forelegg, begge for ulovleg mobilbruk.

– Utover det er det ikkje så mykje å skriva om. Patruljen har bistått eindel nede i Fana i løpet av helga, oppsummerer Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.