Næringsliv | 12. mai 2019

Marknaden i Os: April 2019

Det var høg temperatur i bustadsmarknaden i Os førre månad.

Marknaden i Os: April 2019
Os sentrum sett frå lufta. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. mai 2019 06:44

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I april 2019 blei det selt i alt 39 bustadar i Os. Av desse var det 35 brukte og 4 nye bustadar.

Det er 6 fleire enn i førre månad og 20 færre enn i april i fjor. 28 av bustadane i april i fjor var leilegheiter i Hjellemarka.

• Førre rapport: Marknaden i Os i mars

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i april?

Bodrundane held fram

I april i fjor blei bere 16 % av bustadane selt over antyda pris. I år blei 42 % selt over, og 1 av 3 bustadar blei selt under antyda pris.

Salstida blei den same som i mars, 49 dagar i snitt, og einebustadane skil seg ut som den mest populære bustadstypen.

6 av 9 einebustadar gjekk i bodrunde, og tre av dei hamna minst 400.000 over antyda pris. Dei tre bustadane finn stad i Os sentrum, på Nore Neset og på Søfteland.

I snitt blei einebustadane selt etter 10 dagar i april, og det tydar på høg etterspurnad i marknaden etter einebustadar i Os for tida. Fleire av dei som har finansiering til einebustad ønskjer å bruka pengane på nettopp den bustadstypen.

Snittpris siste 12 mnd.:
Einebustad: 4 122 049,-
Tomannsbustad: 3 330 092,-
Leilegheit: 2 653 035,-
Rekkjehus: 3 139 294,-

Einebustadane er sjølvstendige og ofte større enn andre bustadstypar. Fleire er ofte villige til å betala meir for større bustadar, kombinert med plassering og kvalitet. For mange er også gode solforhold, hage og nærleik til skule, butikk, sjø, buss, idrettsanlegg og turområder avgjerande.

Den siste tida har tilbodet av einebustadar vore låg, noko som kan ha vore med på å pressa prisane opp. I løpet av april har tilbodet av einebustadar auka med om lag 4 nye kvar veke.

Salstid i april:
Einebustad: 10 dagar
Tomannsbustad: 89 dagar
Leilegheit: 38 dagar
Rekkjehus: 197 dagar

Dagens utval og marknad: Brukt har gått forbi nytt

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 24 einebustadar, 27 tomannsbustadar, 15 rekkjehus, 1 gardsbruk/småbruk og 47 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 81 annonsar.

Det er 14 annonsar fleire enn byrjinga av april, og på Finn står 3 av annonsane som selt. Tilbodet av einebustadar har auka, mens det er no 10 færre leiligheiter å velja mellom på marknaden.

Fordelinga på Finn.no i skrivande stund er 64 bruktbustadar og 51 prosjekterte bustadar for sal. I Os den siste tida har det vore fleire nybygg enn bruktbustadar for sal, denne trenden har snudd i løpet av april.

Påsken hamna i år i april, men det ser ikkje ut til å ha påverka marknaden. Temperaturen varierer, men vi opplever fleire interessentar på visningar no enn før.

I tillegg sel husa noko raskare enn dei gjorde på same tidspunkt i fjor. Saltida har korta seg ned frå 66 til 57 dagar det siste året. Etterspurnaden er framleis høg, og dersom du vurderer å selja einebustaden sin kan tida no vera god.

Eigedomssal og snittprisar

Samla tal for april 2019: 39 sal
Snittpris kr 3 170 422,-
Snittpris kvm: 27 658,-
Omsetnadshastigheit: 49 dagar

April 2018: 69 sal
Snittpris kr 3 386 993,-
Snittpris kvm: 30 871,-
Omsetnadshastigheit: 79 dagar

Mars 2019: 33 sal
Snittpris kr 3 580 119,-
Snittpris kvm: 30 006,-
Omsetnadshastigheit: 49 dagar

Prisane varierer kvar månad alt etter kva for eigedom som blir selt. Salstida har korta seg drastisk ned i april og mars samanlikna med april i fjor.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar
403 sal
Snittpris: kr 3 293 848,-
Snittpris kvm: 29 482,-
Omsetnadshastigheit: 66 dagar

Siste 6 månadar
163 sal
Snittpris: kr 3 350 726,-
Snittpris kvm: 28 955,-
Omsetnadshastigheit: 63 dagar

Siste 3 månadar
99 sal
Snittpris: kr 3 403 747,-
Snittpris kvm: 29 497,-
Omsetnadshastigheit: 58 dagar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.