Næringsliv | 03. mai 2018

Marknaden i Os: April 2018

Mengda sal og prisane auka i april samanlikna med både mars i år og april i fjor.

Marknaden i Os: April 2018
Kuhnle og Os sentrum sett frå lufta i april. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Herman Brandt/Kjetil Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mai 2018 07:59

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I april 2018 blei det selt i alt 70* bustadar i Os.

* Det ser ut til at 28 av dei er selt for ei stund sidan, men registrert no i april. Dei 28 er nybygg, og har same adresse i Hjellemarka. Antatt reelle sal uten desse ligg på 42, noko som liknar på normalen for april. Det er 10 fleire enn i mars 2018, 2 fleire enn i april 2017 og 1 færre enn i april 2016.

Av eigedomane selt i april er store delar av dei prosjekterte bustadar, fleire brukte bustadar i den opne marknaden og nokre private sal/heimelsoverføringer.

• Førre rapport: Marknaden i Os: Mars og 1. kvartal 2018

• Fersk liste: Desse bustadane i Os skifta eigar i april

Aukande bustadssal

I januar blei det selt 31 bustadar, i februar 20 bustadar, i mars 32 bustadar og i april 42 bustadar.

April månad er normalt ein månad med god omsetnad, og i år er det ingen unntak. Det er mykje snakk om uvisse i bustadsmarknaden i Os, men lite tydar på at det er grunn til det.

Mengda sal har auka og prisindeksen til eiendomsverdi.no viser positive tal på 2-3 % sidan nyttår.

I mai 2017 blei det selt 53 bustadar, og det blir spennende å sjå om den komande månaden leverer som i fjor. Salstida i april er den same som i mars, og er på 82 dagar. Det er ikkje uvanleg at eigedom ligg lengre for sal i Os enn i Bergen.

Sal vs prisantyding april 2018:
• 68 % under prisantyding
• 16 % lik prisantyding
• 16 % over prisantyding

Statistikken baserer seg på annonserte meklarsal, og mykje tyder på at eigedomane som blei selt i april har vore høgt prisa ut i marknaden. Ifølgje eiendomsverdi.no blei 8 av eigedomane på Finn i april prisa ned, og 1 eigedom prisa ned heile 2 gongar.

Eigedomssal og snittprisar i Os i april

Einebustad: 12 sal
Snittpris kr 4 532 500,-
Snittpris kvm: 24 023,-
**Omsetnadshastigheit: 99 dagar

Tomannsbustad: 9 sal
Snittpris kr 2 993 333,-
Snittpris kvm: 29 677,-
Omsetnadshastigheit: 24 dagar

Leilegheit: 43 sal
Snittpris kr 2 716 744,-
Snittpris kvm: 39 655,-
Omsetnadshastigheit: 94 dagar

Rekkjehus: 6 sal
Snittpris kr 2 535 000,-
Snittpris kvm: 32 894,-
Omsetnadshastigheit: 38 dagar

Snittprisane på leilegheiter denne månaden er uvanleg høge. Mange av leilegheitane ligg i Hjellemarka, og er liten i storleik, noko som gjev høg snittpris per kvadratmeter.

Samla tal for april 2018: 70 sal
Snittpris kr 3 194 394,-
Snittpris kvm: 31 562,-
Omsetnadshastigheit: 82 dagar

Tilsvarande tal for april 2017: 40 sal
Snittpris kr 3 140 647,-
Snittpris kvm: 30 677,-
Omsetnadshastigheit: 24 dagar

Tilsvarande tal for april 2016: 43 sal
Snittpris kr 2 943 244,-
Snittpris kvm: 28 037,-
Omsetnadshastigheit: 20 dagar

Samanlikna med same månad tidlegare år har snittprisane og salstida auka jamt. April 2018 hadde ein uvanleg høg salstid samanlikna med tidlegare aprilmånadar. Det kan virka som at bustadskjøparane er meir avventande no enn før.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar
407 sal
Snittpris: kr 3 164 819,-
Snittpris kvm: 30 505,-
Omsetnadshastigheit: 66 d

Siste 6 månadar
200 sal
Snittpris: kr 3 174 229,-
Snittpris kvm: 30 781,-
Omsetnadshastigheit: 79 d

Siste 3 månadar
124 sal
Snittpris: kr 3 194 525,-
Snittpris kvm: 31 034,-
Omsetnadshastigheit: 77 d

*Prosjekterte bustadar, private sal og heimelsoverføringar vert registrert i den månaden heimelen vert tinglyst, medan annonserte meklarsal vert registrert same månad.
**Omsetnadshastigheita er rekna ut frå bustadar som er selt i den opne marknaden, ikkje prosjekterte bustadar, private sal eller heimelsoverføringar.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 25 einebustadar, 16 tomannsbustadar, 12 rekkjehus og 89 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 75 annonsar.

Det er 7 annonsar fleire enn byrjinga av april, og 4 av annonsane er allereie selt.

Det er ein del fleire einebustadar for sal no enn tidlegare i år. Mai månad er ein månad som er kjend for blomstring, og eigedomar med store og flotte hagar er meir presentable på denne tida.

Einebustadsmarknaden på Nore Neset er svært populært for tida. Generelt eigedomar som ligg i nærleiken av skulane i kommunen går fortare enn andre. Om ein vurderar å selja i desse områda kan tida no vera god.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.