Lokal | 30. jan. 2014

Mari inn i Venstre

Friidrettstrenar og student Mari Lund Eide går inn i styret for Os Venstre. – Vi får inn ei sterk stemme for skule, seier leiar Glenn Erik Haugland.

Mari inn i Venstre
Mari Lund Eide er nyvald styremedlem i Os Venstre (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 30. jan. 2014 11:42

Os venstre heldt onsdag årsmøte på Peppes Pizza.

– Det var eit godt møte med god deltaking, engasjerte innlegg og gode diskusjonar, fortel leiar Glenn Erik Haugland.

Haugland blei gjenvalgt som leiar og får med seg Mari Lund Eide som nytt styremedlem.

– Mari er eit viktig og verdifullt tilskot til styret i Os Venstre.

– Med hennar bakgrunn vil ho kome til å forsterke vårt arbeid innafor skulepolitikken og markerte allereie på årsmøtet at ho har vektige innspel om korleis framtidas skule bør sjå ut i Os.

– Det er trøkk i Venstre for tida, smiler Haugland.

Lund Eide er student med bakgrunn frå mellomanna skuleverket og som trenar i friidretten i Os. Øvrige medlemmar i styret er Jon Sivert Rykkel (nestleiar), Astrid Dale og Sveinung Stensletten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.