Lokal | 09. okt. 2012

Mann biten i ansiktet

Ein mann blei frakta til sjukehus etter å ha blitt biten av ein hund i Askvik måndag kveld.

Mann biten i ansiktet
Politiet rykte ut til Nedre Askvik i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. okt. 2012 07:29

Måndag fekk politiet melding om roping og bråk på Nedre Askvik.

– Patruljen rykte ut og møtte nokre folk som sto samla. Det viste seg at ein av dei nyleg hadde blitt biten i ansiktet av ein hund, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Mannen blei frakta til sjukehus.

– Hunden blei tatt hand om av eigar. Men det blir oppretta sak av dette, så får vi sjå kva følgjer episoden får, seier Sperrevik.

Hunden skal vera av typen rottweiler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.