Sport | 22. apr. 2019

Lysekloster tapte for nyopprykka Djerv 1919

Etter ei god serieopning borte mot Brann 2, fekk Lysekloster seg ein kald dusj i dag.

Lysekloster tapte for nyopprykka Djerv 1919
Djerv 1919 jubla etter siger over opprykksfavoritt Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. apr. 2019 15:30

Bildeserie:

0-1 kom i 5. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
0-1 kom i 5. minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gjestane klinte til i duellane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gjestane klinte til i duellane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
God heading, men rett over mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
God heading, men rett over mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her ville Lysekloster ha hands og straffe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her ville Lysekloster ha hands og straffe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Avslutting, men rett på keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Avslutting, men rett på keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heller ikkje her blei det godt nok. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heller ikkje her blei det godt nok. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Innbytar Zielenski gjorde seg gjeldande frå starten på 2. omgang. (Foto: KVB)
Innbytar Zielenski gjorde seg gjeldande frå starten på 2. omgang. (Foto: KVB)
... forbi keeper. (Foto: KVB)
... forbi keeper. (Foto: KVB)
... og rett i mål! (Foto: KVB)
... og rett i mål! (Foto: KVB)
Hetlevik blei sendt på tribunen. (Foto: KVB)
Hetlevik blei sendt på tribunen. (Foto: KVB)
Næss prøvde seg, men keeper redda. (Foto: KVB)
Næss prøvde seg, men keeper redda. (Foto: KVB)
Kjemperedning av Lysekloster-keeper Raniowski på overtid. (Foto: KVB)
Kjemperedning av Lysekloster-keeper Raniowski på overtid. (Foto: KVB)
1 av 12

Lysekloster berga eitt poeng borte mot Brann 2 i serieopninga førre helg. I dag tok dei imot Djerv 1919 til sesongens første heimekamp.

Djerv 1919 rykte som Os opp frå 4. divisjon i fjor, og imponerte med 2-1-siger over Fyllingsdalen i første runde.

– Eg visste kva som venta oss. Dei er duellsterke, flinke til å få kampen til å handla om andreballar og farlege på dødballar.

– Eg er skuffa over at vi ikkje klarte å hindra dei betre i dette, spesielt at vi slepp inn to mål på dødball, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster - Djerv 1919 1-2 (0-2)
Målskårarar: Eivind Espeland (5.), Sivert Helgesen (27.) og Karol Zielenski (48.).
Tropp og kampfakta på fotball.no

Heimelaget fekk seg ein cornr i opningsminutta, utan å skapa sjanse av det, mens gjestane heada inn 0-1 på corner i 5. minutt.

I 17. minutt var det Lysekloster sin tur til å heada, men headinga gjekk over. Tre minutt seinare prøvde Simen Næss seg på frispark, men skotet gjekk rett på keeper.

Djerv 1919 auka til 0-2 på ny dødball i 27. minutt, og hadde to cornerar og eit langt innkast i boks før pause.

Måtte sjå sluttminutta frå tribunen

Lysekloster lykkast ikkje med å spela gjennom til Næss i første omgang, sjølv om den eine avblåste offsiden såg on-side ut for underteikna. Dei fekk heller ikkje hands og straffe etter corner i 22. minutt.

Etter pause la dei om for å få fleire ballar inn frå sida, og Karol Zielenski blei bytta inn for Szymon Walczak. Zielenski jobba hardt og fekk umiddelbar utteljing, med venstre fot frå spiss vinkel.

Djerv 1919 hadde to cornerar og ei heading på mål etter at vertane reduserte, men blei liggande stadig lågare på banen.

Eit skot av Næss frå rett utanfor 16-meteren, igjen lett for keeper, blei ein av få sjansar Lysekloster skapte i andre omgang.

– Det er detaljar som gjer at vi ikkje kjem til fleire avsluttingar, detaljar vi må bli betre på, seier Hetlevik.

Sjølv blei han sendt på tribunen då det sto knappe ti minutt igjen, etter å ha protestert på ei dommaravgjerd. Ein noko streng reaksjon, synest han sjølv.

Lysekloster sin neste kamp går borte mot Os førstkomande laurdag.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.