Politi | 21. apr. 2022

Leiteaksjon på og rundt Liafjellet

To jenter kom ikkje tilbake etter tur med skulen.

Leiteaksjon på og rundt Liafjellet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. apr. 2022 14:18

To 13 år gamle jenter er sakna etter ein tur ned klassen på Liafjellet.

– Det har no gått 2,5 timar utan at dei har kome tilbake, seier ein slektning.

Familienedlemmar, folk frå skulen og eit privateigd helikopter deltar i søket.

Politiet er også varsla.

Jentene har ikkje mobiltelefon med seg. Familien ser ikkje vekk ifrå at jentene har kome ned frå fjellet på annan stad enn venta, og går gatelangs utan å oppsøka hjelp.

– Om du møter to jenter med langt hår, på fjellet eller langs vegen, lån vekk telefonen din og be dei kontakta familien eller politiet, oppmoder familiemedlemmet.

Ein av dei skal vera kledd i shorts og grå genser.

OPPDATERT: Jentene er funne. Litt før klokka 17 fekk vi melding om at ein turgåar hadde kontakt med det som truleg var jentene. Dei såg ikkje kvarandre, men kommuniserte via roping.

Klokka 17.30 får vi stadfesta at det var dei sakna jentene, og at dei no er på veg ned fjellet, eller allereie nede.

Vi kjem tilbake med årsaka til at dei blei verande på fjellet når familien, som også er på veg ned fjellet, har fått snakka med jentene.

Dei ytrar stor takksemd til alle som har engasjert seg.

OPPDATERT 18.27: Begge jentene er uskadde. Dei fortel at dei gjekk feil, hamna ned ei bratt skråning og kom seg ikkje opp igjen. Ein som blei sett av helikopteret hjelpte jentene, blant anna ved å få vekk noko kratt, så dei kom seg vekk frå staden. Dei er no heime, like heil, men med nokre skrubbsår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.