Lokal | 23. aug. 2016

Kysten måtte stengja

Funn av ei asbestplate på eit teknisk rom gjorde at Kysthospitalet måtte avlysa operasjoner.

Kysten måtte stengja
Kysthospitalet i Hagavik måtte flytta fleire operasjonar etter funn av ei asbestplate (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 23. aug. 2016 10:29

I samband med ei ombygging blei det funnen ei asbestplate på eit teknisk rom på Kysthospitalet Hagavik laurdag for 10 dagar siden. Dette gjorde at fleire operasjonar måtte avlysast, melder NRK.no

– I samband med ei ombygging fann dei ei asbestplate på eit teknisk rom på hospitalet. Denne plata var diverre blitt oversett.

– Det tekniske rommet styrte mellom anna ventilasjonen til operasjonssalen, fortel Kari Indrekvam, Sjukehussjef på Kysthospitalet til NRK.

Asbestplata skal ikkje ha vore ein risiko ved tidlegare operasjonar på sjukehuset, då denne har stått i ro.

Flytta operasjonar

Fleire av operasjonane som var planlagt på Kysthospitalet blei i staden flytta til Haukeland universitetssjukehus medan den kreftfremkallande asbesten blei fjerna.

– Sidan dei framleis hadde ferieavvikling var det ledige operasjonssalar og ein stengd sengepost vi kunne nytta oss av, forklarar Indrekvam.

Tilbake i normal drift

Sjukehuset i Hagavik er no tilbake i normal drift. Sjukehussjefen fortel at for dei av pasientane som har fått utsett operasjonen sin så vil dei freista å gjennomføre desse som raskt som mogleg.

Innånding av asbeststøv er helsefarleg og forbunde med kreftfare. Stoffet blei forboden å nytte i Noreg i 1985.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.