Kvinne utsett for vald

Politiet har i helga vore ute på to tilfelle av vald i nære relasjonar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Natt til laurdag rykte politiet ut på melding om krangel mellom eit par.

– Kvinna blei tatt til legevakt for sjekk, mannen blei køyrd i arresten, fortel politioverbetjent Sissel Becker.

Også tidlegare i helga var politiet ute på ei hending internt i ein familie, men politiet ønskjer ikkje å koma med detaljar i sakene.

Positiv åtferd på Ulven og i Sigurdsvikjo

Natt til laurdag hadde politiet trafikkontroll ved Ulven leir. Åtte bilistar blei kontrollerte, og politiet fann ikkje noko å reagera på.

– Vi synest òg at det er positivt at vi ikkje har fått fleire klager på støy frå russen, med unntak av éi melding før midnatt fredag kveld.

Fleire saker