Lokal | 26. mai 2016

– Køyrer for fort og motsett veg på E39

Politiet lover å kontrollera trafikken ved Svegatjørn, der ikkje alle tar omsyn til vegarbeidet eller at eine feltet er stengt.

– Køyrer for fort og motsett veg på E39
Fartsgrensa på E39 frå Svegatjørn til Moberg er redusert. No vil politiet sjekka om folk held fartsgrensa og tar godt nok omsyn til vegarbeidet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mai 2016 07:22

Natt til måndag 2. mai blei E39 retning nord mellom Moberg og Svegatjørn stengt grunna arbeid med ei djup grøft mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet.

Køyrefeltet blir stengt i fira månadar.

– Entreprenør Veidekke har vore i oss og fortalt at det er ein del uvettig køyring i det eine feltet som er opna.

– For betra tryggleik forbi arbeidsplassen er fartsgrensa redusert. Dette er det dessverre ikkje alle som tar omsyn til, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Tar høg risiko

Politiet oppmodar bilistane om å ta betre omsyn og seier det og vil bli kontrollar i området.

– Det skal vera enkelte tider på dagen som er verre enn andre, og det kan sjå ut som om det er folk som skal rekka ferje som er minst varsame.

– Vi har òg fått melding om at enkelte har gjeve blaffen i at nordgåande retning er stengt. Det har heldigvis vore sjeldan, men dei som trassar dette forbodet tar høg risiko, seier Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.