Ole Martin Lekven Kolskogen, her i duell for Åsane mot tidlegare lagkamerat Torkel Hjertnes på Os i årets NM. (Foto: Andris Hamre)

Kolskogen og Noreg til kvartfinale i EM

Møter England i historisk kvartfinale etter siger over Sloveina i dag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter 0-0 mot Portugal i EM-opninga fredag blei det 2-1-siger over Sverige tysdag.

• Les òg: På plass i Burton - no startar EM

I dag blei det 2-0-siger over Slovenia, som allereie sto med to tap og ikkje hadde sjanse til avansement.

Noreg vann pulja framfor Sverige, som slo Portugal 1-0, og sikra kvartfinaleplass for første gong til eit G17-landslag frå Noreg.

Maksimalt med speletid til Kolskogen

Åsane-spelar Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen frå Os har spelt frå start og heile kampen i alle dei tre første kampane!

Midtstopparen Olis var nær på å gje Noreg leiinga då han heada ein corner i stolpen i 12. minutt.Leo Cornic sette inn 1-0 i 32. minutt, Oscar Aga auka til 2-0 i 38. minutt.

Noreg møter vertsnasjonen England i kvartfinalen.

Kampen blir spelt søndag. England var i pulje med Italia, som vann pulja, Sveits og Israel.

Italia møter Sverige i ein av dei andre kvartfinalane, mens Belgia og Nederland ventar på at det skal bli avgjort kven dei skal møta i sine kvartfinalar.