Lokal | 20. aug. 2016

Knekte nasa på nattbussen

Politiet vil sjekka overvakingsvideo etter at ein mann, heilt uprovosert, skal ha blitt angripe av ein framand.

Knekte nasa på nattbussen
Episoden på nattbussen skjedde då bussen var ved Joker på Søfteland. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. aug. 2016 07:38

Klokka 4.20 natt til laurdag fekk politiet melding om ein valdsepisode på nattbussen frå Bergen til Os.

– Fornærma, ein mann i starten på 30-åra tok seg sjølv til legevakt. Vi snakka med han etterpå, fortel operasjonsleiar Knut Dahl Mikkelsen i Vest politidistrikt.

Han skal ha fått nasa si knekt, ifølgje han sjølv skjedde det uprovosert.

Fornærma kjenner heller ikkje motparten frå før og identiteten hans er ukjent.

– Vi har hatt eitt vitne inne til avhøyr og vil sjekka overvakingskamera, seier Dahl Mikkelsen.

Episoden skjedde ved Joker på Søfteland.

– Var det ein av partane som gjekk på eller av bussen på Søfteland?

– Nei, ifølgje mine notatar kan det sjå ut som om det var tilfeldig at bussen var akkurat her då det skjedde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.