To kjempar om plass i Torgbygget
To interessentar har levert si konseptbeskriving for restauranten i Torgbygget på Osøyro. – Avgjerda fell truleg i neste veke, seier Terje Søviknes.
Bygginga av torgbygget på Osøyro er godt i gang. Forhåpentlegvis vil det stå ferdig i desember.
Godt i gang er også kampen om å få lov til å driva restauranten i det sentralt plasserte bygget.
– Vi hadde ein frist til 15. juli for å melda si interesse. Det var det fire som gjorde, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).
Traff spot-on
Dei fire fekk så ein månad på seg, fram til 15. august, på å levera ei konseptbeskriving av sin restaurant.
– Innan fristen leverte to av dei fire sine konsept. Eg har lese gjennom begge og dei er begge spot-on i høve det vi i "anbodsgrunnlaget" la inn av ønskjer.
Kommunen si "bestilling" gjekk mellom anna på eit ønskje om kvalitetsmat, helst basert på kortreiste norske råvarer. I tillegg skal drivaren ha eit ansvar for turistinformasjon og å bistå i samband med mindre kulturarrangement og sporadiske torgdagar i sentrum.
Vil ikkje seie kven
Søviknes held korta tett til brystet i høve kven dei to tilbyderane er og vil ikkje stadfesta noko som helst når Midtsiden spør om det er lokale eksisterande restauranter/konsept som er med i konkurransen.
– Eg har ikkje lyst til å kommentera det no, men eg håper vi kan kunngjera det neste veke etter at prosjektgruppa for liv på øyro har fått vurdert dei opp mot kvarandre og tatt ei avgjerd.
– Vi har ein tett tidsplan. Målet er at torgbygget skal stå klart i desember. Dei som skal inn der treng litt tid på å planlegga og organisera seg for å rekkje å vera klar til desember, så eg håper prosjektgruppa landar ein konklusjon i fellesskap neste veke, avsluttar Søviknes.
Les og: Nye teikningar av torgbygget