Sport | 16. aug. 2016

Kiara (19) er frivillig under OL

Kiara Lea Plätzer frå Søfteland kjem tett på Usain Bolt og dei andre stjernene som ei av 70 000 frivillige under OL i Rio. Inntrykka frå utanfor stadion er mange og sterke.

Kiara (19) er frivillig under OL
Kiara saman med morfar og mormor som tok turen til Rio for å heie på son og onkel Erik Tysse. Her på sightseeing til Sukkertoppen (privat foto)
Andris Hamretirsdag 16. aug. 2016 13:50

Meir enn 100 000 menneskje er involvert i OL i Rio for at toppidrettsutøvarane skal få konkurrera. Av desse er omlag 70 000 frivillige. Ei av desse er 19-årige Kiara Lea Plätzer frå Søfteland.

Du drar kanskje kjensel på namnet. Ja, ho er dottera til Kjersti Tysse Plätzer og Stephan Plätzer, og niesa til Erik Tysse, som avslutta karriera si som kappgjengar under leikene.

– Dette var noko ho fann ut at ho hadde lyst til å gjera. Ho har gjort heile jobben med å bli plukka ut sjølv. Eg og Stephan fekk klar melding om å halde oss langt unna, fortel mor Kjersti.

Og ungjenta overbeviste arrangørane gjennom søknad, intervju på Skype og dei ulike testane ho måtte gjennom.

Tett på stjernene

No er ho på plass som frivillig på den olympiske friidrettsstadion i Rio.

– Oppgåva mi er å ha ansvaret for ei av startblokkene på dei øvelsene som krever det. Eg må då setta den ut før dei aktuelle løpa.

– Det tyder vel at du kjem nær Usain Bolt og dei andre stjernene det då?

– Hehe, ja. Kollegaene min og eg får alltid sitte på sidelinja og ser alt frå banen, så det har vore eit par stjerner rundt oss heile tida. Pluss at vi ser alle medaljesermoniane og då kjem dei ganske nær, fortel Kiara.

Spennande møte med Rio

Kiara reiste frå Os måndag 8. august og kom til Rio tysdag morgon. Litt kjent har ho rekt å gjera seg.

– Møtet med Rio har vore spennande fordi Rio er langt i frå berre Copacabana, Sukkertoppen, Kristus og dei andre severdigheitene. Rio slit med kriminalitet, fattigdom og elendigheit. Mange av husa her ser ut som dei skal falle saman kvart øyeblikk. For meg har dette blitt ei reise som har satt livet i perspektiv. Vi nordmenn er veldig bortskjemte og uvitne, seier 19-åringen ærleg.

– Ta til dømes «Cariocaene», Rios innfødde. Dei bur i hus som ein nordmann aldri ville gått inn i eingong. Vi har mykje å læra heime, om realiteten for mange, og korleis verda er for mange andre som ikkje har vore like heldige som oss med å vekse opp i verdas rikaste land.

Leiger leilegheit

Sjølv har ho leigd ei leilegheit gjennom AirBnB fram til ho reiser heim 20. august.

– Alle frivillige står for reise og opphold sjølv. Så leilegheita måtte eg finne sjølv. Den ligg omlag 2 kilometer frå stadion. Dei første dagane bodde eg saman med mormor og morfar før dei dro heim. No bur eg saman med foreldra til Håvard Haukenes, pappa sin andre utøvar, fortel ho.

Hektiske dager

Kiara fortel at det er travle dagar i Rio, men litt anna idrett enn friidrett får ho med seg.

– Eg får jo sjølvsagt med meg det meste av det som skjer på friidrettsbanen. I tillegg såg eg sjølvsagt onkel Erik, og i dag skal eg sjå semifinalen mellom Tyskland og Qatar i herrehandball.

"Fødd" til OL

Med ei mor som har deltatt i tre OL og ein far som no er med i sitt femte som trenar har dei olympiske leikane vore ein del av livet heilt frå barnsbein av for Kiara.

– Eg har jo følgd kvar einaste OL frå utsiden siden eg blei fødd, så det er kjempegøy å no vera ein del av OL-sirkuset sjølv. Det er kjekt å få sjå kor mange og kor mykje arbeid som står bak for at det skal bli sukessfulle leiker.

– Eg hadde lyst til å prøve meg på dette for å vera på innsida av det heile og å få oppleve korleis alt fungerer, kor mange som må til og kor mykje som må til. I tillegg så er det jo veldig kjekt å få koma tett på stjernene også då.

Langsiktig plan

Men det er ikkje berre å koma tett på og oppleve OL frå innsida som er grunnen til at ho søkte om å få vera frivillig i Rio. Kiara har nemleg eit mål om å få seg jobb i Tokyo-OL om fire år.

– Eg har alltid hatt veldig lyst til å dra til Japan, men uten "grunn" blir det dyrt for ein kommande student. Difor startet eg no, slik at eg med erfaring herfrå er meir sikker på at eg kjem meg til Tokyo, forklarar ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.