Sport | 17. aug. 2016

Kan få elite-debuten i kveld

Samson Bjørke Kallestad (18) trener med elitelaget FyllingenBergen. – Det er ikkje utenkeleg at han får eit innhopp i kveld, seier trenaren før NM-kampen mot Bjørnar.

Kan få elite-debuten i kveld
Samson Bjørke Kallestad trenar med a-laget til FyllingenBergen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. aug. 2016 12:12

Ikkje siden Joachim Nøkleby, Aleksander Bergo, Tore Helgesen, Knut Ove Nytræ og Hans Brunvatne (som forøvrig også var Samson sin trenar dei første åra) spelte på Norrøna på 90-talet har Os hatt herrespelarar på det øvste nivået i norsk handball.

Denne hausten kan det bli ei endring på det. Samson Bjørke Kallestad har den siste tida nemleg trent med A-laget til FyllingenBergen.

– Tanken var i utgangspunktet at Samson skulle ha ei rolle mellom rekruttlaget og A-laget, kor han var med oss innimellom. To korsbåndsskader på to av bakspillerane våre har gjort at han har vore med A-laget 100% i sommar og det kjem han nok til å fortsette med fram mot jul, fortel FyllingenBergen-trenar Vidar Gjesdal.

– Står på som bare det

Gjesdal er imponert over ungguten frå Os, som han beskriv som veldig flink til å trene og pliktoppfyllande.

– Samson står på som bare det, han legg ned enormt mykje tid på handballen med tanke på at han går på toppidrettslinja på Tertnes, trener i Fyllingsdalen og bur på Os. Det er imponerande at han klarar å organisere kvardagen sin så bra. Det er ein eigenskap som gjer at han kan nå ganske langt, seier Gjesdal.

God skyttar

Sportsleg vurderar trenaren han som ein god skyttar.

– Han er ein bra skyttar og har eit godt skot, som vi skal utvikle til å bli enno betre. Framleis har han mykje å jobbe med når det kjem til å vurdere og lese spillet. Men han får jo ekstremt god trening og matching no når han trener med A-laget, seier Gjesdal, som ikkje ser bort frå at Samson kjem til å få eit innhopp eller to i Grundigligaen i løpet av hausten.

– Han kjem definitivt til å vera med i kamptroppen på ein del av kampene.

Debuten kan koma allereie i kveld når FyllingenBergen speler 1. runde i NM mot Bjørnar, rett før Os sine handballdamer speler mot Bjørnardamene same staden.

– Samson er med i kamptroppen i kveld. Går kampen som eg håper, er det ikkje utenkeleg at han får sjansen.

Hovudfokus på 2. divisjon og Lerøyserien

Sjølv om han trener med A-laget ligg hovudfokuset på rekruttlaget som speler i den nye nasjonale 2. divisjonen og på den nasjonale Lerøyserien for 18-åringar. Samson og Gjesdal er samde om at det er ein god arena for ein ung spelar å utvikle seg på.

– Det der eg har hovudfokuset og mål om å etablera med fast på laget. Det er klart eg har lyst til å vera med på nokre Grundigliga-kamper, men eg tek det steg for steg, seier Samson sjølv.

Tøff overgang

Han legg ikkje skjul på at blir lange dager med handballen nå når skulen starter opp igjen og han skal ta til på 3. året på Tertnes vidaregåande.

– Det gjer det. Det er tøft i perioder, men det er dette eg har lyst til å drive med.

At overgangen frå å spele aldersbestemt til seniorhandball er stor er han òg tydeleg på.

– Eg meiner at styrken min er skota mine, men eg må bli tøffare i duellane både framover og bakover på banen. Det var kanskje den største forskjellen då eg byrja å spele seniorhandball. Når du møter ein strek på over 100 kilo gjeld det å stå i duellen og bruke kreftene, seier han.

Tatt godt imot

Om å ta steget opp blant A-lagsgutta til FyllingenBergen har han berre gode ord.

– Eg har blitt tatt veldig godt imot av dei eldre. Det er hyggeleg gutter som er sosiale og opptekne av at alle skal trivast, også vi yngre.

– Tildømes var vi samla i går heime hos han som er arrangementsansvarlig for å gjera ein dugnad med å ringe rundt til folk i eit prosjekt vi kaller kronekampen, kor folk betaler for kor mykje publikum det blir på første seriekamp heime mot Bodø. Blir ein med på tildømes ei krone per tilskodar, så får ein sesongkort til alle kampane våre.

Må rydda etter trening

Sidan han er blant dei yngste i troppen fell det ein del oppgåver på han som dei eldre slepp unna.

– Eg har ansvaret for sosiale medier og å kjøpa inn shampo og slikt til dusjinga etter treningane. I tillegg må vi unggutane rydda opp i hallen etter treningane. No er vi jo to tre stykkjer, så det går heilt greitt.

Håper på å etablere seg

Framtida har han klare tanker om.

– Målet er å etablera seg fast i ein Grundigliga-klubb og så ta det derfrå. Det å koma utanlands og på landslaget er eit mål langt der framme, men først må eg etablera meg og spele nokre år på det øvste nivået i Noreg, avsluttar Samson Bjørke Kallestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.