Øving i Bjørnafjorden fredag midt på dagen. (Foto: Vidar Langeland)

Internasjonalt i fjorden

Såg du samspelet mellom ubåten og helikopteret utanfor Os hamn?

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Bjørnafjorden er eit mykje brukt øvingsområde for Sjøforsvaret.

På fredag kunne du få med deg eit internasjonalt samarbeid.

Norsk ubåt og britisk helikopter

Major og pressetalsmann ved FOH, Brynjar Stordal, fortel at på bildet som Vidar Langeland har teke ser du ein norsk ubåt i ULA-klassen, saman med eit britisk Merlin-helikopter.

– Denne helikoptertypen er den same som deo nye redningshelikoptera som skal inn i teneste i Noreg, berre at desse er av ein nyare modell, fortel Stordal.

Britane nyttar sine helikopter til ubåt-jakt, og i desse dagar oppheld dei seg i Bergen. Øvinga i Bjørnafjorden på fredag er ein del av dette opphaldet, fortel Stordal.

Forflytning av personell

Båten som ligg framfor ubåten er eit logistikk-fartøy som bistår under øvinga.

– Då dette bildet blei tatt held vi på med å flytta personell mellom ubåten og helikopteret.

Fleire saker