Lokal | 29. okt. 2015

Hundeeigar tapte sak mot Staten

Ville hindra at hunden, som i fjor beit ei jente i ansiktet, blir avliva.

Hundeeigar tapte sak mot Staten
Sommaren 2014 blei ei jente frå Os køyrd til lege etter å ha blitt biten i ansiktet av ein hund. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. okt. 2015 08:27

Det var i juli i fjor at ein hund på besøk i Os beit ei ung jente som var på besøk på same adresse.

Jenta fekk kuttskader i ansiktet og foreldra hennar meldte forholdet til politiet. Hunden blei omplassert til Fant og i august blei den begjært avliva av politiet. Hundeeigar klagde på vedtaket, men Politidirektoratet vedtok i desember ikkje å ta klagen til følgje.

Hundeeigar stemna same månad Justis og Beredskapsdepartementet for retten, og for to veker sidan var saka oppe i Nordhordland tingrett.

– Ikkje aggressiv

Saksøkjar, altså hundeeigar, hevda at det ikkje er påvist aggressiv legning hos hunden.

Hunden er ein blandingsrase mellom schäfer og collie og var ung då den beit. Eigar viser til at hunden var skadd og hadde smerte og meiner hunden har blitt utsett for smerte av jenta, og at den beit for å unngå å bli påført yttarlegare smerte.

Hundeeigar viste òg til at den ikkje har vist aggressiv åtferd etter den aktuelle episoden, og at den er behandla for skaden og at det derfor vil vera «uforholdsmessig» å avliva den.

Særleg alvorleg å angripa barn

I lovens § 18 heiter det at «dersom en hund har angrepet eller skadet et menneske så kan politiet vedta å avlive hunden dersom ikke dette fremstår som et uforholdsmessig tiltak».

Det er enkelte unntak, for eksempel om hunden er kvalp og har bitt under leik, om hunden har stått bunden og ungar har kome brått på og stressa den, eller om hunden har spesialtrening og har særleg nytteverdi.

Samtidig seier fjerde ledd bokstav a) at ein hund som har angripe born (under 12 år) normalt blir avliva.

Slapp å betala 62.000 kroner

Retten var delt i si oppfatning av saka. Fleirtalet fann det ikkje bevist at hunden var påført smerter av den unge jenta. Mindretalet viste til at hunden kunne ha vore stressa då han var på ein framand stad, det var sommar og varmt og mange ungar og fleire andre hundar i huset.

Fleirtalet peikte på at hunden gjekk laus inne i huset og derfor kunne kome seg vekk i staden for å bita, og la vekt på skaden hunden påførte:

«Det vises til at bittet var i nedre del av barnets ansikt nært fornærmedes hals. Skadepotensialet var betydelig og den påførte skade var vesentlig.»

Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet blei frifunnen. Hunden må avlivast og eigar fekk heller ikkje medhald i at Staten skulle dekka sakskostnadane til begge partar.

Grunna det ujamne styrkeforholdet mellom partane så slepp dei å betala Staten sine sakskostnadar, som er på 62.171 kroner (32 arbeidstimar a 1450 kroner). Men dei må dekka sine eigne kostnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.