Lokal | 01. nov. 2018

Hund beit tre personar

Sto i band utanfor Irisgården og gjekk til angrep på folk som kom forbi.

Hund beit tre personar
Irisgården. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. nov. 2018 09:33

Onsdag i 13-tida fekk politiet melding frå tre ulike personar som hadde blitt bitne av same hund.

– Eigar hadde sett hunden frå seg i band utanfor ein av butikkane. Det er tre vaksne som er bitne, ein av dei blei biten til blods og måtte til lege med skade i foten, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet har tatt hand om hunden og plassert den på kennel. Eigar, ein mann i 20-åra, er meldt.

– Blei nokre av dei tre personane bitne i samband med at dei skulle hjelpa kvarandre?

– Sånn eg har forstått det blei dei biten kvar for seg, i det dei skulle passera hunden.

Politiet vil ikkje seia kva rase hunden er, anna enn at det er ein vaksen og ganske stor hund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.