Lokal | 11. aug. 2016

Hjort og tømmer i sjøen

Os brann- og redningsvesen fekk onsdag meldingar om ein hjort som flaut i Vargavågen og tømmerstokkar i Os hamn.

Hjort og tømmer i sjøen
Politiet og brannvesenet fekk onsdag melding om ein hjort i Vargavågen. Om det er denne, som ein lesar observerte utanfor Varga litt tidlegare er uvisst (lesarbilete)
Andris Hamretorsdag 11. aug. 2016 07:34

Politiet fekk onsdag to meldingar dei sendte vidare til Os brann- og redningsvesen.

– Det første var ein daud hjort som flaut i Vargavågen. Det er brannvesenet som handterer desse sakene og vi sendte meldinga vidare til dei, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Meldinga kom i 19-tida onsdag ettermiddag. Om brannvesenet tok hand om hjorten umiddelbart eller om dei gjer det no, torsdag, var ikkje politiførstebetjenten sikker på.

Tømmerfløting i elva

Om det ikkje var tømmerfløting, så kom det i allefall ei melding i 2130-tida onsdag kveld om diverse tømmerstokkar og trær i Os hamn.

– Truleg er dette trær som har kome ned Oselvo no etter det kraftige regnet. Også her blei brannvesenet varsla, slik at dei fekk rydda det unna så båtar kunne ferdast trygt i hamna.

Berusa i busskur

Natt til torsdag, i 0030-tida, fekk patruljen melding om ein berusa kar i eit busstopp.

– Ein som passerte busstoppet ved Amfi Os blei uroa over ein kar som sat i busstoppet framoverlent.

– Patruljen køyrde opp til han. Han var berusa, men blei vurdert til å klare å ta vare på seg sjølv. Patrulja køyrde han difor heim, avsluttar Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.